Hopp til innhold

Person miste livet etter påkøyrsle

Ein person er stadfesta omkomen etter ei alvorleg trafikkulukke på riksveg 5 ved Klavelandet i Florø.

Alvorleg trafikkulukke på riksveg 5 ved Klavelandet i Florø

ALVORLEG ULUKKE: Ein person skal vere påkøyrd på riksveg 5 torsdag kveld.

Foto: NRK-tipsar

Politiet fekk melding om trafikkulukka like før klokka 21 torsdag kveld. Alle naudetatane rykte ut til staden.

Ein person som gjekk på rulleski skal ha blitt påkøyrd av ein bil, og like før klokka 23 torsdag kveld stadfestar politiet sin operasjonsleiar at vedkommande er omkomen.

– Eg kan stadfeste at ein person er omkomen etter ei påkøyrsle, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Redningsmannskapa som kom til staden gjorde forsøk på gjenoppliving, men livet til den påkøyrde personen stod ikkje til å redde.

Ulukkesanalysegruppa til Statens vegvesen er på veg til ulukkesstaden. Det same er ein eigen kriminalteknikar frå politiet, saman skal dei gjere undersøkingar på staden.

Vegen var ein periode heilt stengd etter ulukka, men er no opna for manuell dirigering.

Vereide seier vegen i periodar vil halde stengd utover natta i samband med arbeidet på ulukkesstaden. Folk må dermed vere budde på ein del venting her.

Ulukka skjedde på riksveg 5 på Klavelandet, som ligg i området mellom Brandsøy og Bjørnset. I tillegg til naudetatane rykte også redningshelikopteret frå 330-skvadronen ut.

Trafikkulukke i Florø

RIKSVEG 5: Ulukka har skjedde på riksveg 5 på Klavelandet som ligg mellom Brandsøy og Bjørnset. Ulukka har skjedd i området bak bilen med blålys. (Lastebilen på biletet har ingenting med ulukka å gjere).

Foto: NRK-tipsar