Hopp til innhold

Han vil ha fleire hus i tettstadane

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) vil ha tettare bustadbygging i Førde, Sogndal og Florø.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

TETTARE: Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell meiner tettstadar og små og større byar har alt å tene på å leggje til rette for meir bustadbygging.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

I desse dagar har miljøvernministeren sendt brev til alle fylkesmenn med oppmoding om å gjere det enklare å sikre bustadbygging i tettbygde strok.

Bård Vegar Solhjell (SV) ber kommunane om å utnytte areala best mogleg.

– Både i storbyar og mellomstore byar og tettstadar som Førde, Florø og Sogndal vil ein trenge fleire bustadar i åra som kjem. Og vi vil trenge merksemd på å byggje tett i kjernen av byane og tettstadane, seier Solhjell til NRK.no.

Bustadkrise

Stadig fleire vel å busetje seg på større stadar, noko som igjen skapar problem på bustadsida. Både i form av manglande bustadar og høgt prisnivå både på kjøp og leige. I Sogndal er også bustadmangel eit stort problem for studentar.

I dagens Firda etterlyser AUF-leiar i Førde, Thomas Gjertsen, ein bustadpolitikk i byen. Han seier han er redd ungdom i framtida kan kome til å flytte på grunn av mangel på bustader og høge leigeprisar.

– Alt er opp til private utbyggjarar som skaffar seg areal der det er å finne, og byggjer for ei kundegruppe som har råd til å betale, seier han til avisa.

– Sterkare føring

Ordførar Olve Grotle (H) seier til den same avisa at han ser det som vanskeleg å lage særordningar som medfører økonomisk overføring, eller tiltak retta mot ei gruppe.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

OPPMODA: Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men brevet frå Solhjell kan vere ei hjelpande hand for tettstadar i bustadkriser. For i praksis betyr oppmodinga at Fylkesmannen, som er klageinstans i kommunale byggjesaker, skal syte for at kommunane utnyttar areal slik at det blir flest mogleg bustadar i tettbygde strok.

– Vi har fått ei sterkare føring om å ta omsyn til behovet for bustadar, stadfestar fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre til NRK.no.

Omsyn til vern

Sjølv om det skal vere nok areal i fylket til å setje opp hus, er det likevel ikkje beint fram å byggje ut alle område.

Bygging i strandsone, verna naturområde, jordvern og truslar mot det biologiske mangfaldet har tidlegare fått fylkesmannen til å vende tommelen ned for byggjeprosjekt.

– Vi har ein topografi som gjer at det kanskje ikkje er så mykje areal som eignar seg å byggje på. Det ser vi kanskje spesielt i Sogndal. I Florø er det kanskje strandsonevernet som er ei utfordring. Jordvern er kanskje den største konflikten i Førde, seier Hamre til NRK.no.

– Meir levande miljø

Solhjell meiner på si side at vern i nokre tilfelle kan måtte vike for utbygging.

Han trur ein har alt å vinne på å byggje tettare, og trur ikkje at betre butilbod i tettbygde strok vil føre til at fleire flyttar frå bygdene.

– Eg trur ein også vil kunne skape meir levande miljø ved å byggje tettare, i staden for å byggje seg utover. Både for å spare viktige landbruksareal, friluftsområde og unngå for mykje bilbruk er det mykje å hente på det, seier han til NRK.no.