Hopp til innhold

– For mange studentar i Sogndal

Høgskulen i Sogn og Fjordane får kritikk for å ta inn for mange studentar til studia i Sogndal.

Høgskuleopning i Sogndal

FOR MANGE: Høgskulen i Sogndal får kritikk for å ha tatt inn for mange studentar i år.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den siste vekene har det vore fleire saker om den svært vanskelege bustadsituasjonen for studentane i Sogndal.

Leiar i Studentparlamentet i bygda, Anna Sarah Fjell, meiner høgskulen tek inn for mange studentar og sjølv medverkar til bustadkrise.

– Vi meiner inntaket no er for høgt. Sogndal og høgskulen har ikkje kapasitet til å ta inn så mange nye studentar som no. Både med tanke på bustadar, spesielt, og på grunn av studiekvaliteten, seier Fjell.

Transportvanskar

Ho viser til at bustadmarknaden i Sogndal er for liten til å handtere mengda av studentar, og at dårlege transporttilbod gjer det vanskeleg for studentar å busetje seg utanfor Sogndal.

I år er det rekordmange nye studentar ved Høgskulen. Til saman i Sogndal og Førde starta over 1 030 nye studentar studiane sine førre måndag.

– Spesielt vanskeleg er det for dei nye som kjem, og som ikkje kjenner nokon. Til dømes dei 20 som ligg på sovesalen no og dei mange som ligg på sofa kring om, seier Fjell.

– Klart det blir press

På det meste overnatta 50 studentar på sovesalen til Vesterland. Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, er glad for studentstraumen og glad for at studentane viser at det ikkje berre er tale om å få seg studieplass.

Åse Løkeland

REKTOR: Åse Løkeland.

– At ein også må ha ein stad å bu. Med rask ekspansjon, så er det klart at vi utfordrar bustadmarknaden i Sogndal, seier ho og meiner at det alltid vil vere stort press i byrjinga av studieåret, men at det er slik som ordnar seg litt etter kvart.

Kritisk utleigar

På spørsmål om ikkje skulen kan vere litt i forkant og plassere elevane betre, svarar Løkeland:

– Det er eit fåtal som bur på samskipnaden sine hyblar. Dei aller fleste studentane er busett i den private marknaden, og det er ikkje så lett for høgskulen å planleggje for, seier ho.

Erik Flåten, som bygde opp Vesterland og har drive innan turistbransjen i 40 år og i mange år leigd ut til studentar, meiner på si side at problemet kunne vore unngått.

– Mange dobbeltbookar

Han meiner Studentsamskipnaden burde klare å organisere hybelmarknaden på ein meir effektiv og betre måte.

– Dei burde organisere det private hybelmarknaden på ein betre måte, dei burde også tilby seg å taksere dei utleigeobjekta som ligg i marknaden, seier han.

Med taksering meiner Flåten at ein unngår at studentar tingar fleire hyblar for å vere sikre på å bli nøgde.

– Det er ikkje til å unngå at fleire som dobbeltbestiller hyblar eller leilegheiter og har desse ståande til siste dagen eller ikkje avbestiller i det heile, seier han.

Forstår ikkje kritikken

Flåten føreslår også seinare semesterstart for å unngå at studentar som likevel ikkje vel Sogndal som studiestad, tingar hybel. Han meiner at ein del av problematikken som dukkar opp ved kvar studiestart, er kunstig.

Ved seinare studiestart ville ein unngå overlapping med turistsesongen. Leiar i studentsamskipnaden, Randi Marie Sjøholt, skjønar ikkje kritikken frå Flåten.

– Eg føler ikkje at vi har kapasitet eller ressursar til å gå rundt og taksere leilegheiter eller hyblar i Sogndal, seier ho.

– Kan ikkje ta kontroll

Ho seier samskipnaden er i tett dialog med den private marknaden og tykkjer det er ein dårleg idé å ta kontroll over den private marknaden.

– No er det også slik at den private huseigaren gjerne vil leige ut sjølv. Han vil gjerne sjå den studenten som han leiger ut til, seier ho.

Flåten legg ikkje skjul på at han har eiga vinning av seinare studiestart, men meiner likevel at ein bør ta lærdom frå tidlegare år.

– Vi driv næring, og då er det spørsmål om vi skal subsidiere studentar før sesongen er ferdig, eller å prioritere turistsesongen. Då er det ikkje så vanskeleg å skjøne kva ein vil prioritere, seier han.