Det var ei alvorstung forsamling som møttest ved Fellesforbundet sine kontor i Førde klokka 10 i dag. Og bakteppet er ikkje særleg lysteleg. Den valde leiaren Magne Ulvatn er skulda for alvorleg mobbing. Det blir hevda at trakasseringa skal ha pågått heilt sidan 2006.
- LES OGSÅ:
Leiaren dukka ikkje opp
– Ingen kommentar, var det einaste nestleiar Bjørn Martin Kormeseth ville seie om situasjonen. Heller ingen andre av styremedlemmene ville seie noko.
Ulvatn sjølv dukka ikkje opp på møtet, men resten av styret skulle ha kontakt med han på telefon, fekk NRK.no vite.
- LES OGSÅ:
Leiaren kan bli kasta
Styret må no ta stilling til kva som skal gjerast vidare med saka. Eit alternativ er å kalle inn til ekstraordinært årsmøte, der medlemmene får høve til å kaste sitjande leiar.
Eit anna alternativ er å prøve å roe situasjonen fram til det ordinære årsmøtet i mars neste år.
Stadig fleire har gått ut med mistillit mot sitjande leiar. Mellom anna har eit samrøystes klubbstyre ved Havyard Leirvik, den største klubben i fylket, uttalt at dei ikkje lenger har tillit til Ulvatn.
- LES OGSÅ:
Fjerna kritisk rapport
Dei tilsette hevdar trakasseringa skal ha pågått heilt sidan 2006, men at styret i Fellesforbundet har dyssa ned det heile.
Mellom anna skal ein kritisk rapport om leiinga i Fellesforbundet ha blitt fjerna frå årsmeldinga.
- LES OGSÅ: