Hopp til innhold

Bondelagsleiar: – Bøndene må verte ein del av brannberedskapen

Naboar med gjødselvogner berga hus og dyr. No vil bondelagsleiaren at dei skal verte ein del av brannberedskapen.

Fjøsbrann

RASK REAKSJON: Rask reaksjon frå naboar med gjødselvogner hindra at brannen i Fjaler spreia seg til andre hus på garden.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Bøndene må øve meir og verte ein del av brannberedskapen på bygdene, meiner leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, etter fjøsbrannen i Guddal onsdag kveld.

Rask reaksjon frå naboar med gjødselvogner hindra at tre bustadhus og over 20 dyr vart offer frå flammane då ein driftsbygning vart totalskadd.

– Her kunne det ha gått med tre bustadhus viss ikkje var for naboar med gyllevogner som kom raskt til og hjelpte til med sløkkinga, sa brannsjef i Fjaler, Øyvind Helle, til NRK onsdag kveld.

Anders Felde

VIL HA AVTALE: Bondelagsleiar Anders Felde vil ha tettare samarbeid med brannvesenet.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Både han og politiet rosa naboane for at dei raskt stilte opp med gjødselvogner fulle av vatn for å hjelpe til i sløkkearbeidet.

– Dei gjorde eit formidabelt sløkkearbeid i akuttfasen, og fekk også berga ut kyrne som var i fjøsen, seier innsatsleiar Joachim Malterud i politiet.

Effektive brannsløkkarar

Bondelagsleiaren er imponert over innsatsen til yrkesbrørne i Fjaler. No etterlyser han eit betre samarbeid mellom bønder med gjødselvogner og brannvesenet. Gjødselvognene har plass til fleire tusen liter vatn. Dei kan fyllast raskt og ikkje minst kan dei pumpe ut igjen vatn raskt.

– Dette må vi øve på. Samstundes må naudetatane skaffe seg betre oversikt over kva for ressursar bøndene sit på. Her kan det handle om liv, og om å berge dyr og store verdiar. Bøndene har utstyret og er meir enn villige til å hjelpe til.

Kva kan vi oppnå med å bruke gjødselvognene?

– Vi får pøst på store mengder vatn i løpet av kort tid fordi det er så mange som sit på dette utstyret. Og så har vi traktorar. Det betyr at vi ikkje er avhengige av asfaltert veg.

– Kan gjere beredskapen betre

I dag er det kring 600 små og store brannstasjonar over heile landet. Det samla norske brannkorpset tel kring 12.000 heiltid- og deltidstilsette.

– Dette kan utbyggjast og vi kan gjere beredskapen endå betre. I ein del av dei små bygdene er det langt til næraste brannvesen, så vi må ta meir på alvor at bøndene sit på store ressursar, meiner Felde.

Han meiner det må gjerast avtalar som sikrar at brannvesenet veit kva utstyret bøndene sit på, samstundes som bøndene har øva nok på brannsløkking.

Terje Brandsøy Alarmsentralen

ALARMSENTRALEN: Dagleg leiar Terje Brandsøy seier at gjødselvogner er effektive når brannar skal sløkkast.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Til stor hjelp

Dagleg leiar ved Alarmesentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, er samd i at bønder med gjødselvogner kan vere til god hjelp når det brenn.

– Det såg vi under storbrannen i Lærdal, og seinast i Guddal i går, seier han.

Under storbrannen i Lærdal i 2014 vart innsasten til lokale bønder med gjødselvogner trekt fram som avgjerande for at ikkje større deler av sentrum vart offer for flammane.

– Bruk av gjødselvogner kan vere utslagsgjevande for resultatet. Avstandane er store, og bøndene kan lettare kom raskt i gang med sløkking, held Brandsøy fram.

– Meir vanleg før

Han kjenner ikkje til om det finst formelle avtalar mellom bønder og lokale brannvesen i dag.

– Eg veit det var avtalar tidlegare, men eg trur ikkje det er så vanleg lenger. I går fekk vi tips frå brannvesenet om kven vi kunne ringje til, og dei vi spurde stilte opp.

Også hos Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap vert utspelet godt motteke. Avdelingsdirektør Johan Marius Ly er samd i at det er viktig at lokale bondelag og brannvesenet samarbeider for å styrke beredskapen.

– Vi ser at rask førsteinnsats har stor effekt på utfallet av ein brann, seier han.