Hopp til innhold

Ordførar vil skjerpe skredvarslinga før turistsesongen

Fredag vart fleire bilar tekne av eit stort snøskred i spektakulære Kjenndalen. No vil kommunen ha årlege skredvurderingar før turistsesongen.

Skred i Kjenndalen

SKRED: Uvisst når det er trygt å stare rydding av vegen inn til Kjenndalen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK VESTLAND

– Det er noko vi har snakka om også tidlegare, og etter skredet fredag må vi saman med naudetatar og lokalbefolkning ha ei grundig evaluering av kva vi skal gjere framover, seier ordførar i Stryn kommune, Per Kjøllesdal.

Fredag losna det eit stort snøskred i 1600 meters høgde. Nede i dalen hadde mange turistar allereie funne vegen inn til de populære turismålet.

I skredet vart fleire bilar tekne, og ein bubil vart totalt knust. Heldigvis gjekk det bra med alle involverte.

Loen i Stryn er eit turistmål, kjent for sin ville, storslåtte og vekslande natur.

Fredag køyrde ein familie på tre i ein bubil den 17 kilometer lange turen frå Loen og inn i Kjenndalen for å oppleve naturen.

Klokka 13.30 blir bubilen og tre andre bilar trefte av eit digert snøskred.

Kartvisualisering: Anders Nøkling

Forstår ikkje kor farleg det er

Kjenndalen er eit de dei mest populære turistmåla i Nordfjord. Kvart år er tusenvis av turistar innom. Men turistane veit gjerne ikkje kor farleg den vakre og spektakulære vestlandsnaturen kan vere.

Kvart år kjem det historier om turistar kryssar sperreband for å kome nærast mogleg til dømes isbrear og liknande.

– Folk forstår ikkje kor farleg naturen kan vere. Mange av dei som kjem er utanlandske turistar. Dei har ikkje høyrt om skredet som gjekk fredag, så seinast søndag høyrde eg om fleire som var i ferd med å krysse politisperringane.

Det seier Ingvill Tronrud som driv serveringsstaden Kjenndalsstova. Ho etterlyser betre rutinar for å sjekke snømassane om våren.

– Naturkreftene er der, og det må vi som region opplyse om på ein måte som treff publikum, seier Maria Lindvik, som er reiselivssjef i Visit Nordfjord.

Her, 1600 meter oppe i fjellet Nonsnibba, losna det store skredet fredag 10. juni.

I løpet av nokre øyeblikk har enorme snømassar gått ned det kjende skredløpet Jørpa, og dekker ei 400 meter lang strekka vegen i dalbotnen.

På parkeringsplassen berre nokre hundre meter unna fangar skrekkslagne turistar dramaet på video.

Enorme krefter er i sving.

Kartvisualisering: Anders Nøkling

Lar seg ikkje skremme

Måndag er nye turistar på veg inn i Lodalen og Kjenndalen. Tyske Katja Märkel har fått med seg skredet, men har ikkje latt seg skremme.

– Nei, eg er ikkje redd for å kome hit. Slik er naturen. Eg hadde gleda meg til å sjå isbreen, men når det er som det er, er det heilt greitt, seier Märkel.

I staden for ein tur til isbreen har turistane i dag fått ein båttur på Lodalsvatnet.

Les også I denne bubilen sat det ein familie på tre

Bubil smadra av raset.

Ikkje fare for fleire store skred

Geolog Odd Are Jensen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier at det no ikkje er fare for fleire store flakskred i Kjenndalen, som det som gjekk fredag.

– Vi vil nok kunne sjå fleire mindre vanlege vårskred, altså mindre skred som spreier seg lite. Faren for dei store skreda er nok over for i år, sjølv om vi ikkje heilt kan utelukke fleire.

Det er ikkje uvanleg med skred i Kjenndalen. Men til vanleg pleiar skreda å gå tidlegare på året, før turistsesongen. I år har ein kjølig vår ført til at snøsmeltinga har starta seinare enn vanleg.

– Men det er mogleg å gjere risikovurderingar på våren, og det må kommunen sette i gang med, seier Jensen.

Det er også kommunen opptekne av og eit av tiltaka som ordførar Per Kjøllesdal allereie no nemner som aktuelt er årlege skredvurderingar før turistsesongen starar om våren.

– Vi må ha ein tett dialog med lokalbefolkninga som kjenner området. Eg ser og for meg at vi må opp med helikopter og fagfolk for å vurdere snøsituasjonen, seier han.