Hopp til innhold

Her ruslar cruiseturistane i snøskredet

Lokalbefolkninga i Stryn fortvilar over cruiseturistar som «utfordrar skjebnen» på gamle skred.

SKREDFARE: Håskreda i Olden kom tidlegare i vinter, men inntil siste dagane har det vore både vind og snø i fjellet. – Difor er det ikkje heilt ufarleg å gå i skreda. Blir snøen tung nok, så kjem den, seier leiar i Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen, Ketil Finsås Hansen.

FARLEG: – Kjem det eit skikkeleg skred, så er det ikkje sikkert at dei kjem seg vekk, seier Silje Skarstein, som bur i Olden i Stryn kommune.

Foto: Thomas Thaule

Det er eit kjent vårteikn for innbyggjarane i Olden i Stryn. Dei første cruiseturistar har kome til bygda, og er svoltne på norsk natur.

Og enkelte vil så tett som råd på opplevinga.

Ikkje utan risiko, meiner Silje Skarstein, som bur i bygda.

– Så fort turistane ser snøen, så spring dei over bøen og opp i skredet. Kjem det eit skikkeleg skred, så er det ikkje sikkert at dei kjem seg vekk, seier ho.

Det var Fjordingen som fyrst skrev om cruiseturistane som «utfordrar skjebnen».

Snøskred i Olden søndag 05. april 2020

STORT: Håskreda kan vere veldig stor når den kjem ned fjellsida i Olden. Slik såg den ut i april 2020.

Vart heilt ifrå seg

Skarstein har sett det før, og såg det også tysdag då «MS Iona» kom frå Stavanger.

– Ungane vart heilt ifrå seg då dei såg turistane. Vi som bur her veit at dette ikkje er tida for å gå turar på den sida av elva. Og i alle fall ikkje gå opp i skredet, seier ho.

Snøskredfaren er i dag på oransje nivå i store delar av landet. Også i Indre Fjordane, som Olden inst i Nordfjord soknar til.

– Ser skummelt ut

Krister Kristensen er seniorrådgjevar i Norges Geotekniske Institutt (NGI). Han har sett bilete av turistane som går i skredet.

– Eg synest umiddelbart det ser nokså skummelt ut. Det har med å gjere at vinteren ikkje er heilt over, i alle fall ikkje høgt oppe i høgfjellet der skredet har losna, seier Kristensen til NRK.

Han seier skredfaren varierer med forholda, men at det alltid er eit visst sannsyn for at det kan kome eit skred.

– Viss det er vind eller plutseleg mildvêr som slår inn, er det litt uberekneleg kva som kan skje, seier Kristensen.

Oppdagar ein eit skred høgt oppe i fjellsida, har ein kanskje berre halvminuttet på seg til å kome unna, fortel han.

– Når skredet er halvvegs nede i fjellsida er det kanskje i ein fart på 200 kilometer i timen. Då skal det godt gjerast å kome seg unna.

Fekk skipet til å varsle

Driftsleiar i Nordfjord hamn, Sølve Oldeide, har tidlegare sett opp vakter for å hindre at turistar tek seg inn i området.

Det vart også gjort etter observasjonane tysdag.

– Samstundes blir det gjeve beskjed om bord om å ikkje gå inn i området, seier Oldeide.

– Vil ein også be andre cruiseskip informere om det same?

– Det høyrest fornuftig ut. I alle fall til alle snøfonnene har kome ned.

Håskreda

HÅSKREDA: Eit velkjent raspunkt like ved Olden sentrum. Om ikkje snøen når heilt i den private vegen, er det stor fare for at fonnvinden kan gjere det.

Foto: Silje Skarstein

Vurderer eigne vinterkart

Håskreda ligg i gangavstand frå Olden sentrum, og er lett tilgjengeleg for cruiseturistane.

Ei utfordring kan vere at turvegen er merkt på karta turistane får før dei går frå skipet. Karta er dei same som blir nytta på sommartid.

På eige initiativ har Olden Røde Kors sett opp skilt.

Fleire vinterturistar gjer at Skarstein meiner det bør trykkast opp kart som åtvarar mot skredutsette område.

– Det er nok ikkje ein dum idé. Cruisesesongen startar tidlegare og går lenger på året, så dette er noko vi bør ha ein dialog på. Om det er råd å gjere, seier Oldeide.

Etterlyser kommunen

Turistar går i Håskreda i Olden.

MÅLBEVISST: Det var tydeleg at turistane hadde mål om å kome seg opp i snøskredet.

Foto: Silje Skarstein

Eigne vinterkart er ei løysing også leiar i Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen, Ketil Finsås Hansen, tykkjer om. Han seier området ikkje er trygt før all snøen har kome ned.

– Håskreda er av dei velkjende fonnene som kjem kvart år i større eller mindre skala. Når snøen ligg stor og tung nok, så kjem han ned, seier han.

Utvalet har kontakta kommunen, men fekk til svar at dei ikkje kan skilte alle område som er farlege. Vegen går på privat grunn.

Lenger oppe i Oldedalen blir fylkesvegen stengd når skredfaren blir stor nok.

– Det er ingen quickfix med Håskreda, men eg tenkjer at det er storsamfunnet i form av kommunen sitt ansvar å tildele ansvaret vidare, seier Hansen.