Hopp til innhold

Vil gjere om dei store byane til eigne fylke

Bergen, Trondheim og fire andre større byområde bør bli eigne fylke, meiner statsvitar. – Konstant omorganisering er det mest slitsame som finst, svarer ordførar.

– Bergen står overfor heilt andre utfordringar enn til dømes vesle Hyllestad i ytre Sogn. Her trengst ulik styring og ulik medisin, seier Harald Borgebund, førsteamanuensis ved Høgskulen i Østfold.

NYE FYLKE: Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger-Sandnes, Kristiansand og området Sarpsborg-Fredrikstad vil fungere godt som eigne fylke, seier Harald Borgebund. Oslo er allereie eit fylke.

Foto: Anders Nøkling / NRK

– Bergen står overfor heilt andre utfordringar enn til dømes vesle Hyllestad i ytre Sogn. Her trengst ulik styring og ulik medisin, seier Harald Borgebund, førsteamenuensis ved Høgskulen i Østfold.

1. januar 2020 vart 19 fylke redusert til 11. Det nye kartet «passar ikkje til terrenget», meiner Borgebund, og viser til store forskjellar «innomhus» i dei nye fylka.

Ulike meiningsmålingar viser at fleire av dei nye storfylka er lite populære i befolkninga. Spesielt i Viken, Troms og Finnmark og i Vestland er motstanden stor.

I tillegg til Bergen ser Borgebund føre seg at Trondheim, Tromsø, Stavanger-Sandnes, Kristiansand og området Sarpsborg-Fredrikstad vil fungere godt som eigne fylke.

Oslo er allereie eige fylke. Dermed vil det bli sju byfylke i Noreg.

Harald Borgebund vil ha eigne byfylke i Noreg.
I alt ser han føre seg sju slike byfylke.
Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger-Sandnes, Kristiansand og området Sarpsborg-Fredrikstad.
– Bergen står overfor heilt andre utfordringar enn til dømes Hyllestad. Her trengst ulik styring og ulik medisin, seier han.
– Konstant omorganisering er det mest slitsame som finst, svarer ordførar i Stad og fylkespolitikar i Vestland, Alfred Bjørlo (V).
Visualisering: Anders Nøkling

– Vi e'kje frå Noreg, vi e frå Bergen

– Om det hadde vore ei folkerøysting, ville det vorte dundrande fleirtal for Bergen som eige fylke, seier historieprofessor og bergensar Morten Hammerborg.

Han viser til den sterke bergensidentiteten og at byen mellom dei sju fjell var eige fylke fram til 1972.

– Bergensarane er opptekne av éin ting, og det er Bergen, ler han.

Historisk maleri av Vågen i Bergen

HISTORISK SUS: Bergen var i mange hundre år Noregs største og viktigaste by. På midten av 1600-talet var byen Skandinavias nest største, etter København.

– Dette ser eg positivt på, seier Marit Warncke, leiar i Bergen Næringsråd.

Ho legg til at ho er usikker på om tida er moden for ei ny regionreform.

– Ein veldig spanande tanke som vi bør sjå meir på, seier Sigvald Sveinbjørnsson, ansvarleg redaktør i Bergensavisen BA.

– Landsfylka blir taparane

Oddbjørn Bukve er kommune- og regionforskar ved Høgskulen på Vestlandet.

– Dette er ein modell der vi får «by og land, mann mot mann», der byfylka blir dei sterke og landsfylka blir taparane, seier han.

Ein god styringsmodell handlar om å sjå heilskapen, meiner han.

– Modellen med storbyane som eigne fylke fører til at byregionane får utvikle seg på eige premissar. Landområda blir ein klamp rundt foten.

Professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam, peiker på det same:

– Eg er redd byfylka blir «stat i staten» som kjem til å leve sine eigne liv.

Han legg til:

– Irland har ein slik modell i dag, men dei er misnøgde med den.

Bukve, Amdam og Borgebund er derimot samde om at regionreforma ikkje har vore vellukka.

– Ingen modell er ideell, men ein bør kanskje sikte inn mot ei meir fleksibel løysing, der dei største bykommunane får fleire oppgåver, seier Amdam.

Bryggen i Bergen med turister

BYFYLKET BERGEN: Bergen var eige fylke fram til 1972. No blir det føreslått at byen igjen får status som eige fylke.

Foto: Brian Witte

– Kan fort bli «krig» mellom by og land

Charlotte Spurkeland (H) er fraksjonsleiar for miljø- og byutvikling i Bergen bystyre. Ho meiner det klarer seg med to forvaltningsnivå.

– La Bergen kommune overta drifta av både dei vidaregåande skulane og kollektivtrafikken, seier ho.

Dermed vil bykommunen langt på veg fungere som ein eigen fylkeskommune.

Høgre-kollega Harald Victor Hove føreslo at Bergen burde vere sitt eige fylke tilbake i 2011.

– Dei nye fylka fungerer bra. Konstant omorganisering er det mest slitsame som finst, seier ordførar i Stad og fylkespolitikar i Vestland, Alfred Bjørlo (V).

Bergen som eige fylke har han lite sans for.

– Det kan fort bli «krig» mellom by og land, seier han.

hansa

BJØRGVIN: Bryggen slik den så ut i 1768. Teiknet av J.J. Reichborn, i Hildebrand Meyers Bergensbeskrivelse bind 1.

Foto: BERGEN BYARKIV