Hopp til innhold

Vil gjere det lettare å varsle om helseproblem

Regjeringa vil gjere det lettare for helsepersonell å varsle om helseproblem som kan vere til fare for trafikktryggleiken.

Rib-båtulukke i Olden

DRAMATISK: Båtføraren omkom og to passasjerar fall over bord under ulukka i Olden i 2015. To av passasjerane var turistar som kom til bygda med eit cruiseskip.

Foto: Joar ødegård

I dag har legar, psykologar og optikarar ikkje høve til å melde frå om helseproblem hos til dømes båtførarar, lokførarar, flygeleiarar og losar. No vil regjeringa lempe på teieplikta.

– Vi ønskjer å gi legar, psykologar og optikarar større mogelegheit til å melde frå om pasientar som kan vere til fare for trafikktryggleiken på sjøen, jernbanen eller i lufta. I dag har dei berre hatt høve til å melde frå når det gjeld førarar av motorvogn og luftfartøy, seier statssekretær Inger Klippen (H) i Helse- og omsorgsdepartementet.

Dødsulukke i 2015

Statsekretær Inger Klippen, HOD

VIL HA ENDRING: Inger Klippen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Anita Hamremoen / HOD

Ei av ulukkene, som er direkte årsak til at regjeringa vil endre helsepersonellova, skjedde i Olden i 2015.

Ein båtførar med omkom etter at han fall ut av ein rib-båt. Også to av dei ni passasjerane fall over bord.

Legane hadde opplysningar om helsetilstanden til båtføraren. Men på grunn av teieplikta vart ikkje dette meldt til sjømannslegen, som til slutt er den som godkjenner retten til å køyre båt i passasjertrafikk.

Havarikommisjonen fann det kritikkverdig at sjømannslegane ikkje får vite noko om helsetilstanden til folk som jobbar på små fartøy.

– Det fanst informasjon i helsevesenet som var innforstått med dette, men kommunikasjonen mellom dei ulike aktørane tilsa at denne informasjonen ikkje kom fram til sjømannslegen, sa avdelingsdirektør Dag Sverre Liseth til NRK.

Politiet vil ha lemping

Arne Johannessen

VIKTIG: – Reint prinsipielt er det utruleg viktige og gode signal at regjeringa tek opp temaet, og sender det på høyring, seier politileiar Arne Johannessen i Vest politidistrikt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NRK har vore i kontakt med Norsk Flygelederforening, Norsk Losforbund og Norsk Sjømannsforbund som ikkje ynskjer å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Sjef for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, har ikkje lese utkastet til lovendringa, men seier han som politi ser grunnlag for å lempe på regelverket.

– Det er både tema og saker der ein veit at den informasjonen er viktig i eit førebyggjande perspektiv. Difor er debatten viktig å ta, så får ein ta alle problemstillingar rundt, seier han.

– Førebygging er viktigast

Johannessen seier at politiet i nokre høve ser at teieplikt og personvern kjem i konflikt med omsynet til samfunnstryggleiken.

Klippen seier at det er tragiske ulukker som den i Olden dei ynskjer å unngå med lovendringa. Førebygging av alvorlege hendingar veg også tungt for Johannessen.

– Når ein ser på vegtrafikk, så er det rimeleg klare og gode reglar i høve til kva legane og andre helsepersonell både skal og kan varsle politiet om. Det er naturleg at det også må gjelde anna transportmiddel, seier han.

– Burde ikkje ha jobba på skip

Ulukke ved cruisekaia i Olden

FØREBYGGJE: Regjeringa vil prøve å unngå ulukker som den i Olden med den nye lovendringa.

Foto: Jogeir M. Agjeld

I høyringsforslaget skriv departementet at Sjøfartsdirektoratet dei siste ti åra har fått to til tre førespurnader årleg frå helsepersonell.

Desse har fortalt om pasientar som er sjømenn med leiande stillingar, som på grunn av helsa ikkje burde jobba på skip med ansvar for fartøyet eller andre.

Klippen understrekar at forslaget ikkje inneber ei meldeplikt, men at det vil gi fagfolka høve til å melde frå om dei meiner det er naudsynt.

– Vi har sett at det er behov for å utvide denne mogelegheita for å førebyggje ulukker og farlege situasjonar, seier Klippen.