– Me har ei god sak. Det er for få fengselsplassar i landet, og i Vik er planane klare, miljøet er på plass, og i løpet av eit år kan 30 lukka soningsplassar står klare, seier Vik-ordførar Olav Turvoll (Sp).
Prislappen for ei fengselsutviding er 42 millionar kroner. Likevel har justisminister Anders Anundsen (Frp) heller kjøpt fengselsplassar i Nederland til over 200 millionar kroner i året, for å få ned soningskøane raskt.
Det lova stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) i valkampen gjera noko med.
Tid for å levera
– Ei utviding av Vik fengsel vil stortingsgruppa til Venstre løfte inn i budsjettforhandlingane med Regjeringa, sa Rotevatn i september.
- Les òg:
Også regjeringa sitt andre samarbeidsparti – KrF – kunngjorde i valkampen støtte til utvidingsplanane.
Men no er lokalvalet over, og det er tid for Venstre og Kristeleg folkeparti for å levera, meiner Turvoll:
– Eg reknar med at dei set fullt trykk på dette.
– Skal halda det eg lova
– Eg håpar det er noko me skal få til. Eg har tenkt å halda det eg lova i valkampen, seier Rotevatn.
Akkurat no gjer V og KrF på Stortinget klare lista med krav, som dei to partia vil setja fram i statsbudsjettforhandlingane med regjeringspartia om to veker.
– Eg har ein ambisjon om at fengselsutviding i Vik skal stå høgt på Venstre si kravliste, og eg håpar Høgre, Frp og KrF kan støtta oss, seier Rotevatn.
– Ja, det er noko me kan koma til å støtta i forhandlingane, seier justispolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Men Ropstad viser til det som kan vera plan B for Vik fengsel – ein samla plan for fengselsutbyggingar i Norge, som kjem opp i Stortinget til våren:
– Det skal byggjast 500 nye fengselsplassar i Norge innan 2020, så iallfall i den planen er det naturleg å løfta inn i Vik.
Frp held budsjettdøra på gløtt
Høgre og Framstegspartiet ønskjer ikkje å byggja ut Vik fengsel no og vil heller prioritera Østfold og Stavanger.
– Der hastar det mest å få på plass nye soningsplassar, seier justispolitisk talsperson Ulf Leirstein (Frp).
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) kan difor ikkje lova Vik fengsel drahjelp frå stortingsgruppa si:
– Eg jobbar for at me skal få gjort noko i Vik, men om det skjer i statsbudsjettet eller seinare, vil tida visa.
Leirstein held likevel budsjettdøra på gløtt for Vik fengsel:
– Frp og H er ikkje mot ei utviding i Vik. Eg er glad for at dei har klare planar, og me treng fleire fengselsplassar i Norge. Førebels har ikkje dette vore prioritert, men det er sjølvsagt fullt mogleg å forhandla om som alle andre spørsmål.