Hopp til innhold

Reiselivsguru meiner cruiseturistar er eit problem for små bygder

Britiske Justin Francis meiner dei mange cruiseturistane øydelegg sjansane for å lage lønsam turisme på Vestlandet.

Turistar i Flåm

MANGE TURISTAR: Flåmsbana er ein attraksjon for turistar i Sogn og Fjordane. Mange av dei kjem til bygda med cruisebåtar.

Foto: Merete H. Høidal / NRK

– Talet menneske på staden vert firedobla, men turistane legg igjen svært lite pengar. Dei bur ombord, et om bord og kjøper lite når dei er i land. Samstundes blir dei 500 innbyggjarane der stira på, seier Francis til VG Nett.

Den britiske reisegründeren har i meir enn ti år vore sjef for nettstaden Responsible Travel.

Han meiner fleire turistar kan gje økonomi til å ta vare på kulturlandskap, handverkstradisjonar og lokalt særpreg – men at cruiseturistane ikkje bidreg i same grad.

– Slik eg ser det, er cruiseturismen kanskje den største utfordringa for norsk reiseliv. Bergen er stor nok til å ta unna alle turistane, og har skapt ein turistøkonomi, men eg ha rmine store tvil til ein del av dei små stadene, seier Francis til VG Nett.

I Sogn og Fjordane er det først og fremst Flåm og Olden som baserer seg på cruisetrafikk.

– Cruisebåtane går inn fjordane, men pengane ligg att i båten. Samstundes legg dei att søppel. Ein må lage noko som gjer at cruiseturistane legg igjen pengar her, seier BI-professor Torger Reve til nettavisa.