Hopp til innhold

Kjempar mot 385 nye vindmøller

Naturvernarane har for alvor starta kampen mot vindmølleparkane som er planlagde langs kysten. – Dei kan ikkje få både i pose og sekk, svarer leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp).

Kristin Krohn Devold med delegasjonen på vindmøllesafari.

SAFARI: Kristin Krohn Devold framfor deltakarane på «vindmøllesafarien».

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Knapt ti prosent av dei 125 konsesjonssøkte vindmølleprosjekta i landet er tenkt plassert langs kysten av Sogn og Fjordane.

Slikt godtek ikkje naturvernarane. Erling Sande er kritisk til at dei vil ha meir fornybar energi, men samstundes går i mot vindkraftutbygginga.

Erling Sande

IRRITERT: Erling Sande er irritert på miljøvernarane.

Foto: NRK

– Ein kan ikkje ri to hestar samstundes på det viset. Anten er ein for urørt natur, eller så må ein innsjå at dersom ein ynskjer å produsere fornybar energi, så må ein ta i bruk litt av denne naturen for å gjere det, seier han.

DNT vil «luke» ut

Den Norske Turistforening (DNT) mobiliserer til kamp for å hindre kraftutbygging i kyst- og fjordlandskapet.

Det er dei som både kritiserer regjeringa og stortinget for å satse for lite på fornybarenergi og klima på eine sida, men når vi prøver realisere vindkraft, småkraft eller kraftliner så er dei ute og protesterer mot det også.

Erling Sande om miljøvernarane

I sju av dei åtte kystkommunane i Sogn og Fjordane er det søkt om konsesjon på 13 prosjekt tilsvarande straumproduksjon til 150.000 husstandar. Førebels er det gjeve konsesjon til tre vindkraftprosjekt som samla sett skal gje 211,60 GWh.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Desse prosjekta er til handsaming

 

Tiltakshavar

Kommune

Produksjon

Totalt

 

 

2926 GWh

Guleslettene

Guleslettene Vindkraft AS

Flora

420 GWh

Ytre Sula

Sula Kraft

Solund

450 GWh

Dalsbotnfjellet

Zephyr

Gulen

350 GWh

Vågsvåg

Kvalheim Kraft

Vågsøy

65 GWh

Sandøy

Statkraft Agder Energi Vind

Gulen

220 GWh

Ulvegreina

Statkraft Agder Energi Vind

Solund

400 GWh

Hennøy

Vestavind Kraft

Bremanger

64 GWh

Ytre Sula

Vesta-Vind

Solund

22 GWh

Setenesfjellet

Fred Olsen Renewables

Gulen

145 GWh

Brosviksåta

Agder Energi Produksjon

Gulen

280 GWh

Bremangerlandet

Vestavind Kraft

Bremanger

250 GWh

Okla

Vestavind Kraft

Selje

65 GWh

Folkestad

Vestavind Kraft

Fjaler

195 GWh

Ekspander/minimer faktaboks
Kristin Krohn Devold

KRITISK: Kristin Krohn Devold vil vere med å luke ut vindmølleprosjekt som blir for skjemmande og øydeleggjande i kulturlandskapet.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi er ikkje kategorisk mot vindkraftutbygging. Vi skal ha fornybar energi, men åtvarar sterkt mot ein del av dei utbyggingsprosjekta som er tenkt tett opp mot naturperlene våre, seier dagleg leiar Kristin Krohn Devold.

– Vindmøllegitter

Devold er mellom fleire som denne veka reiste på «vindkraftsafari» om bord på Hurtigruta. Frå Ålesund til Bergen har delegasjonen sett på kystområda der det er planlagt vindkraft. Måndag var det også konferanse i sunnmørsbyen.

Med var også representantar frå NVE, medlemsforeiningar og Direktoratet for Naturforvaltning.

Finnmarken

SAFARI: Delegasjonen frå NVE, Direktoratet for Naturforvaltning, Turlag og Naturvernforbundet nytta Hurtigruta «Finnmarken» til «vindmøllesafari».

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Skulle alle vindmølleprosjekt som er søkt om i Sogn og Fjordane få aksept, så kan du ikkje ta hurtigbåten eller cruisebåtar forbi Sogn og Fjordane utan å køyre forbi eit samanhengande gitter av vindmøller, seier Devold.

– Slepp opp klimabremsen

Fire prosjekt i Vågsøy og Fjaler har allereie fått konsesjon. Samla vil dei tilføre straumnettet 211,6 GWh. I tillegg ligg ytterlegare 13 søknader frå ni ulike tiltakshavarar på bordet til NVE.

Med opp til 385 vindmøller i drift, ser initiativtakarane potensial i nær 3.000 GWh i vindkrafta. Det er berre ein brøkdel av produksjonen på 68.000 GWh, som er konsesjonssøkt om på landsbasis.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Desse prosjekta er ferdig planlagde

 

Tiltakshavar

Kommune

Produksjon

Totalt

 

 

747 GWh

Kyrkjestein

Zephyr

Flora

107 GWh

Guleslettene

Fred Olsen Renewables

Flora

640 GWh

På Erling Sande sin blogg lyder oppmoding «Slepp vindkrafta fri – det er vår», samstundes som han ber leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, sleppe opp «klimabremsen».

– Vi må få ned utsleppet av Co2, og folk kan ikkje leve utan energi. Då må vi komme med alternativ energi som erstattar den forureinande, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Konferanse om kystkraft

SJÅ TV-SAK: Turforeiningane arrangerte konferanse om kystkraft.

Stort i Florø

Delegasjonen frå turforeininga som tysdag passerte Stadt, Hornnelen, Florø og Solund tykte nok om vårvêret, men vil ikkje sleppe fri vindkrafta.

Marino Ask

LEIAR: Marino Ask i Sogn og Fjordane Turforeining.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Guleslettene i Florø er den nest største utbygginga som er konsesjonssøkt. Her skal 48 turbinar fordelt på 25 kvadratkilometer syte for 420 GWh. I tillegg skal det etablerast kring 40 kilometer veg.

– Og det i kanskje det aller viktigaste utfartsområde for den byen i Sogn og Fjordane som vi trur kanskje vil vekse mest i framtida, seier Marino Ask, som er leiar i Sogn og Fjordane Turlag.

Verdien blir lik null

– Då ser vi at naturen blir bygt ned, den blir forringa, verdien sett til null. Og viktige utfartsområde for våre medlemar blir tekne vekk, legg han til.

Dei mange vindmølleplanane møter motstand lokalt. I tillegg til inngrep i kulturlandskapet, fryktar mange følgjene for både reiseliv og friluftsliv. Etter folkeavrøystinga i Solund har fleirtalet av politikarane sagt nei til vindmølleparkar.

– For meg er det utenkjeleg å påtvinge Solund energiproduksjon som dei etter ein demokratisk prosess, seier at dei ikkje ynskjer. Så er det andre som har sagt at dei ynskjer å ha vindmøller ståande, då ynskjer eg å legge til rette for det, seier Sande.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Desse prosjekta har fått konsesjon

 

Tiltakshavar

Kommune

Produksjon

Totalt

 

 

211,6o GWh

Mehuken II

Kvalheim Kraft

Vågsøy

46 GWh

Mehuken I

Kvalheim Kraft

Vågsøy

10,60 GWh

Testområde Stadt

Vestavind Kraft

Vågsøy

35 GWh

Lutelandet vindkraftverk og Lutelandet testanlegg

Lutelandet Energipark

Fjaler

120 GWh

126 meter høge møller

Samstundes er det mange som ynskjer vindmøllene velkomne.

– Det er byfjella våre, og vindkraftanlegget som er planlagt er seks gonger så stort som det Florø by er. Det blir godt synleg frå byen, men blir også veldig synleg i terrenget i det som no er urørt natur, seier Silje Jansen Nybø som har engasjert seg mot etablering av 126 meter høge vindmøller på Gulesletten i Florø.

I Oslo presiserer stortingspolitikar Sande viktigskapen med å finne fornybar energi som erstatning for fossil energi.

– I landet vårt har vi store naturressursar på energi. Store fornybare energiressursar innan vatn og vind, og at vi bør auke verdiskapinga og bidra til klima gjennom å produsere meir rein energi, seier han og viser til det internasjonale klimaarbeidet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik kan det sjå ut med vindmøller i Solund.

KAN BLI: Bilete er teke frå Ytre Steinsund i Solund, med Indrøy i bakgrunnen. Slik kan det sjå ut dersom det blir vindmøllepark.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Snakk om noko vindkraft

Samstundes seier Sande at vindmølleparkane vil medføre verdiskaping, arbeidsplassar og kunnskap.

– Men skaper dei så mykje verdiar at det er verd å gripe inn i kulturlandskapet?

– Det vil vere inngripen i kulturlandskapet, men eg er kritisk til dei som framstiller som om byggjer ned kysten med vindmøller. I vårt fylke snakk om noko vindkraft i Bremanger, Lutelandet, Solund valde å seie nei. I Gulen sa dei ja til noko og nei til det meste og i Vågsøy har vi allereie vindkraftpark. Her er det snakk om nokre anlegg, men ikkje snakk om at heile kysten skal byggjast ned av vindmølle, meiner Sande.

Vil sortere i bunken

Karoline Burdahl Teien

DNT UNG: Leiar Karoline Burdahl Teien.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Også ungdomsforeininga i Den Norske Turforeining engasjerer seg i vindmøllesakene. Karoline Burdahl Teien skildrar kyst- og fjordlandskapet som unikt, og som eit område mange av deira medlemer boltrar seg i.

Difor ynskjer også ho å vere med å sortere i bunken blant vindmølleplaner.

– Prinsipielt er vi ikkje i mot. Nokre område er veldig flotte og unike for Norge. Nokre stader må vi godta det blir bygt ut vindkraft, meiner Burdahl Teien og har vanskar med å seie kvar møllene kan byggjast.

Ytre Sula

45 MØLLER: På Ytre Sula har Sula Kraft ynskje om å etablere vindmøllepark.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Konflikt i høgda

– No ligg det til dømes 600 søknader hos NVE om ulike vasskraftprosjekt og mange på vind. Vår jobb er å finne ut kvar dei ikkje skal stå. Så har andre oppgåva å finne kvar det kan aksepterast, føyer Devold til.

Leiaren i Sogn og Fjordane Turlag meiner vindkrafta er gamaldags teknologi som krev stort areal for å produsere høvesvis lite straum. Han meiner vindmølleplanane ikkje nødvendigvis må opp i fjellområda langs kysten.

– Det som er typisk for mange av desse prosjekta, er at dei skal opp i 6–700 meters høgde. Det er der konflikten blir ganske stor. Plasserer ein vindkraftanlegga på industriområde, der krafta skal brukast, så reduserer ein konfliktnivået og du får mykje betre løysingar, rår han.

(Ta debatten under kartutsnittet)

Her ynskjer ulike initiativtakarar å plassere vindmøller.

385 VINDMØLLER: Aksept for 13 konsesjonssøknader kan føre til 385 vindmøller i sju av dei åtte kystkommunane i Sogn og Fjordane.

Foto: NVE