Hopp til innhold

Eigen anti-mobbekampanje skal den vonde digitale mobbinga til livs

Meir enn 45 000 born har blitt utsette for mobbing eller trugslar på nett og mobil. No vil ein bli kvitt den digitale mobbinga med ein eigen kampanje.

Mobbing på nett

MOBBING: Kommentarane øvst og nedst i biletet er henta frå ein av dei mest leste bloggane nett no. Mange born og unge opplever slik mobbing.

Foto: skjermdump

Sjølv om denne mobbinga går føre seg på nett og mobil er den for dei aller fleste minst like vond og vanskeleg som den mobbinga som går føre seg ansikt til ansikt.

Anti-mobbekampanjen «Bruk Hue» reiser no landet rundt for å gjere born og foreldre bevisste på den digitale mobbinga. På Gloppen ungdomsskule i Sogn og Fjordane veit elevane at det er behov for det.

– Eg har ikkje blitt mobba sjølv, men eg veit om andre som har blitt det, seier tiandeklassing Magnus Andre Moritsgård og får støtte frå andre medelevar.

– Ja, vi har sett at andre blir det, stadfestar Ayla Myklebust Seime og Maren Rosøe.

«Du ser så skitten ut»

Då NRK vitar dei på skular sit dei og surfar på nettet. I løpet av kort tid finn dei fleire eksempel på det dei meiner er digital mobbing. Inne på ein blogg får ei ung jente høyre at ho ikkje har sminka seg fint nok.

– Kvifor er du så sjukt flekkete i ansiktet. Du ser så skitten ut, sorry å måtte seie det, les ei av jentene opp frå nettstaden.

Medietilsynet sin rapport Barn og digitale medium 2010 syner at så mange som 45 000 barn og unge i alderen 9–16 år har blitt utsette for mobbing eller trugslar når dei chattar på internett.

(Artikkelen held fram under biletet)

Facebook på skjermen

FACEBOOK: Er ein av arenaene for digital mobbing.

Foto: Trygve Andreassen / NRK

Slik er den digitale mobbinga

Den landsomfattande undersøkinga viser at datamaskina og mobilen er blitt ein ny arena der born og unge blir utsette for mobbing og trakassering.

– Oppfører seg meir brutalt

Den nye kampanjen «Bruk Hue» skal no prøve å gjere noko med dette. Bak tiltaket står Medietilsynet, Røde Kors, Telenor og BarneVakten. Dei håpar å gjere born og vaksne meir bevisste på den digitale mobbinga.

– Den digitale verda blir ei heilt anna verd for dei unge, dei føler at den ikkje har noko med verkelegheita å gjere, seier Ole R. Vestøyl.

Han er ein av dei som reiser rundt på ulike skular i landet i regi av Bruk Hue. Han fortel at den digitale mobbinga for mange er minst like vond som den tradisjonelle forma for mobbing.

– Dei unge opptrer ofte meir brutalt når dei snakkar med kvarandre digitalt. Det blir ofte endå meir sårt når ein blir mobba på nett og mobilen. Det er ofte mange til stades og mange som ser det, og det kan opplevast som ekstra ille, seier Vestøyl.

– Lettare å mobbe på nett og mobil

No håpar Folka bak «Bruk Hue»-kampanjen at dei mange skulebesøka deira kan vere med på å førebyggje at digital mobbing vil skje i framtida.

– Det er nok gjerne lettare å vere tøff og lettare å mobbe digitalt. Mykje av grunnen er at ein ikkje ser den ein mobbar andlet til andlet. Det er lettare å ikkje tenkje på konsekvensane av det ein gjer når ein ikkje har augekontakt eller er i nærleiken av folk på ekte, seier Vestøyl.

Han seier mobbing på digitale medium ofte heng lengre i.

– Når ein først har fått ei stygg melding eller opplevd noko ekkelt, så er det veldig skriftleg og synleg. Det er til stades heile tida, seier Vestøyl.

Håpar det gjer ting betre

Også tiandeklassingane ved Gloppen ungdomsskule trur det kan vere lettare for mange å mobbe på nett eller over mobilen.

– Viss du sit å snakkar med nokon åleine i eit chatterom, så er det vanskeleg for andre utanfrå å merke at det skjer. Men viss du er i den verkelege verda, så ser ein jo at folk plagar kvarandre, fortel ungdomane.

Tiandeklassingen Magnus Andre Moritsgård håpar og trur at kampanjen kan gjere det lettare å gripe inn om ein oppdagar digital mobbing.

– Kanskje kan vi klare å sjå det litt meir frå begge si side.