- Vi har sett oss leie på dette her og kjem til å stenge heile Bremangerpollen, seier Grotle. Han ventar òg hjelp frå miljøkrigaren Kurt Oddekalv dersom taretrålarane kjem att.
Totalt neglisjert
Folket rundt pollen har samla 800 underskrifter for å stoppe taretrålinga. Motstandarane av taretråling meiner dei kan dokumentere at det fleire gonger er blir tråla etter tare i ulovlege område, og dei er skuffa over regiondirektøren for fiskeri som dei meiner ikkje tek dei på alvor. – Der blir vi totalt neglisjerte, seier Grotle.
Rolv Petter Vetvik
Vil ikkje kommentere
Regiondirektør Rolv Petter Vetvik seier til Fjordenes Tidende at han reknar med at dersom det blir sett i gang ulovlege aksjonar, så vil næringa sjølv gjere det til ei sak for politiet. Ut over det vil han ikkje kommentere utspela frå Grotle.