Den unge elektrikaren frå Vik i Sogn kan allereie smykke seg med tittelen som noregsmeister og ein andreplass på EM i elektrofag.
Denne veka er det ein endå gjævare tittel han jaktar på – nemleg verdsmeister i elektrofag.
– Det er mange arge konkurrentar, men eg håpar eg klarar å ”kule ned” litt, isolere meg litt for meg sjølv og berre køyre på. Då kan eg klare pallplass, seier den unge sogningen til NRK.no nokre dagar før konkurransen startar.
- LES OGSÅ:
Må halde roaroen
World Skills 2011 går av stabelen i London denne veka. 1000 utøvarar frå meir enn 50 land deltek i det som er verdsmeisterskapet i yrkesfag. Til saman vert det konkurrert i 46 ulike fag, eit av dei er elektrofag.
– I elektrofag skal ein montere opp ein del elektrisk utstyr på ein vegg. Dette skal skje nøyaktig etter teikningar, og det må sjølvsagt fungere, seier Fridell.
Skal ein sikre seg ein plass i toppen må ein kunne halde roa og vise at ein kan det ein driv med. Den elektriske installasjonen skal vere montert på ein måte som gjer den sikker, og undervegs i arbeidet skal også tryggleiken stå i høgsetet.
Konkurrentane har trent i fleire år
Fridell konkurrer mot utøvarar frå 30 land, der mellom anna Brasil, Portugal, Kina, Danmark og Sverige er representert.
– Min argaste konkurrert blir nok svenske Andreas Holmberg, men det er mange tøffe konkurrentar, seier Fridell og legg til:
– Ein del av utøvarane frå Asia har trent i fleire år for dette. Sjølv har eg trent ein del, men det blir tøft, seier 20-åringen.
Kjempar om gjev tittel
Til vanleg studerer Fridell på Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet, NTNU i Trondheim. Han går første året på elektroingeniør og i jakta på draumejobben hadde ein verdsmeistertittel gjort seg.
– Eg har gull i NM og sølv i EM, så eit gull i VM hadde vore fint på cv’en. Men det er mest heider og ære knytt til dette, seier Fridell.
I tillegg til Fridell deltek også Inger Marie Bråstad frå Askvoll under World Skills. Bråstad er deltakar i konditorfaget.
- LES OGSÅ: