Hopp til innhold

Vart noregsmeister i konditorfaget

Konditor frå Naustdal dampbakeri hadde gode og flotte nok kaker til å vinna NM.

Inger Marie Bråstad

NM-vinnar i konditorfag, Inger Marie Bråstad tronar øvst på pallen etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen (i framkant) har delt ut premien på 5 000 kroner

Foto: WorldSkills Norway

- Det har ikkje heilt gått opp for meg enno, men så klart er kjensla god, seier Inger Marie Bråstad.

- Hadde gode og reine smakar

Ho representerte Naustdal dampbakeri i noregsmeisterskapen for yrkesfag, som gjekk av stabelen i Lillehammer. Konkurransen går over tre dagar, der det til slutt vert kåra ein noregsmeister i 28 ulike yrkesfag. I konditorfaget er det så klart gode og fine kaker som gjeld.

- Me hadde med oss kakebotnar til konkurransen. Så lagar ein resten, og dommarane følgjer prosessen. Etterpå smakar dommarane på kakene, og vurderer smak, utsjånad, konsistens og eigentleg alt.

- Kva gjorde at akkurat du vann?

- Me hadde veldig gode og reine smakar, seier den nybakte noregsmeisteren.

VM ventar

Arrangementet er i regi av den ideelle organiassjonen World Skills Norway, og kunnskapsminister Kristin Halvorsen stod for utdelinga av premien på 5 000 kroner. I tillegg fekk ventar verdsmeisterskap i konditorfag i London neste år.

- Det vert mykje øving fram til verdsmeisterskapen, for der er nivået mykje høgare, seier Bråstad.