Hopp til innhold

Sogning tok sølv i elektro-EM

Lærlingen Bernt Erlend Fridell tok 2. plassen under EM i elektrofag i Madrid i Spania.

Agnar Holen, Bernt Erlend Fridell og hovuddommaren

Chairman i CYE, Agnar Holen frå Sogndal, Bernt Erlend Fridell og houvdommaren.

Foto: Ronny Hansen

20-åringen låg i teten heile tida og var berre seks poeng bak gullvinnaren frå Austerrike under meisterskapen CYE 2010.

Tidlegare i år vann han NM og gjekk også sigrande ut av ein duell med den svenske meisteren no i haust.

Skulle få utstyret til å virke

Bernt Erlend Fridell og Ronny Hansen

Fridell saman med Ronny Hansen som er rådgjevaren hans.

Foto: Privat

Under EM i Madrid var oppgåva å installere og kople saman elektrisk materiell som lys, datakontakter og stikkontakter.

– Det var også litt nytt og fancy utstyr, og alt dette skulle koplast og programmerast slik at det fungerte.

Deltakarane har 21 timar på seg til å løysa oppgåva. I tillegg var det ein time med teoriprøve.

– Det gjeld å vere nøyaktige, få det til å fungere og at det skal vere sikkert.

Skal feire med soving

Fridell har nettopp landa på Gardermoen etter hektiske dagar i Madridd.

– Korleis skal du feire sølvplassen?

– Eg er veldig sliten og trøtt, for det har vore lange dagar. Så den første feiringa blir nok å sove, så får vi sjå etterpå.

Jobbar i YIT

Til dagleg jobbar han på YIT i Øvre Årdal. Han fortel at dei andre tilsette er veldig nøgde med han.

– Det har mykje å seie for bedrifta og det er god reklame for oss.

Han byrja som lærling i 2008 og er ferdig i desmeber. Meisterskapen han har vore med på er for unge fagarbeidarar og lærlingar.

Trur gullet glapp på skeive kontakter

Han har førebudd seg til konkurransen gjennom mykje jobbing og bruke eit styringssystem som heiter KNX.

– Eg har jobba ein del med PC-programmering og eg var faktisk den einaste under meisterskapen som fekk full funksjon på alt.

Han trur at gullplassen glapp fordi eit par datakontakter var skeive.

– Eg burde vore meir nøyaktig, men vi hadde veldig dårleg tid under konkurransen. Men eg enda opp med 726 poeng og han som vann hadde seks poeng meir. Det var veldig tett.

Premien er ei avbitartang i sølv og ein del verktøy som kan brukast.

Skal øve på å bli nøyaktig

No ventar VM i London neste haust. Han veit kva han må øve meir på.

– Eg må jobbe for å få inn meir hurtigheit og samstundes vere nøyaktig.