Hopp til innhold

Vil betre utsikten langs vegane

Prosjektet Opne landskap ynskjer å få has på dei grøne tunnelane. Dei vil at turistar og fastbuande skal ha god utsikt når dei ferdast på vegane i fylket.

No har dei søkt fylkesmannen om å få 250 000 kroner til å rydde opp langs riks - og fylkesvegar. Førebels er åtte kommunar plukka ut til utsiktsrydding i 2006. 

Attgroinga langs vegane i fylket er stor, og fenomenet "grøne tunnelar" gjer seg diverre stadig meir gjeldande.