Hopp til innhold

Vil avkriminalisere ulovlege transportoppdrag

Det går for mykje tid og kreftar med til å følgje opp ulvoleg transport, meiner Norges Lastebileier-Forbund.

Polsk vogntog fekk hjullås på

FASTLÅST: Slik vil Norges Lastebileier-Forbund straffe utanlandske transportselskap som tek for mange oppdrag i Norge. Her står eit polsk vogntog med hjullås i 2019.

Foto: Statens vegvesen

– Vi trur ein hjullås på lastebilen er vel så effektivt som å bruke masse tid og pengar for å få transporten for retten.

Det seier Geir A. Mo, administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund.

NRK fortalde nyleg om den europeiske transportgiganten Girteka som må svare for 19 ulovlege transportoppdrag, frå september 2019 til desember i fjor . Mo ynskjer seg fleire kontrollar og ei avkriminalisering:

– Innsatsen mot ulovleg kabotasje må effektiviserast. Den må avkriminaliserast i den form at den må ut av retten, og ned på gebyrblokka, seier Mo.

Administrerende direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund (NLF)

GEBYRSAK: Geir A. Mo meiner gebyr og ikkje førelegg er rett medisin mot ulovlege transportoppdrag. – Då effektiviserer ein måten det føregår på. Ein sparer mykje pengar og styr for å få inn pengane på ein meir effektiv måte, seier han.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Effektiviser og avkriminaliser

Siste fem åra har Statens vegvesen meld 262 kabotasjesaker til politiet. Det er dei som følgjer opp brot på kabotasjereglane.

Melde saker for ulvoleg kabotasje

Politidistrikt

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Totalt

Totalsum

14

20

32

61

65

53

51

296

Øst

5

2

10

20

13

21

25

96

Innlandet

1

3

1

3

13

6

11

38

Sør-Øst

1

1

2

Agder

2

2

4

Sør-Vest

1

3

2

1

7

Vest

4

3

9

10

8

17

4

55

Møre og Romsdal

2

3

1

1

1

8

Trøndelag

2

8

6

15

21

2

4

58

Nordland

1

1

4

2

8

Troms

1

5

4

1

1

12

Finnmark

1

2

1

1

2

1

8

Ekspander/minimer faktaboks

Godtek ikkje transportøren bøtene, hamnar dei i retten. Slik som Girteka. Dei meiner dei dokumentkrava i regelverket er uklare.

– Unødvendig tidkrevjande, ressurskrevjande og kostbart, seier Mo og meiner slike saker blir meir effektivt behandla om inspektørane til Statens vegvesen får skrive ut gebyr.

– Blir ikkje gebyret betalt, får lastebilen hjullås og blir nekta å køyre vidare.

Mo meiner ein slik reaksjon vekkjer større bevisstheit rundt problemstillinga.

– Risikerer ein at køyretøyet blir halde tilbake til gebyret er betalt, så blir både transportør og kunde i større grad ansvarleggjort, seier han.

Ynskjer velkomen

Ein gjennomgang gjort av fagbladet lastebil.no i 2021 viser at politiet legg vekk kvar fjerde kabotasjesak dei får på bordet. Det er dobbelt så ofte som andre saker.

Vest politidistrikt er av distrikta som siste åra har fått flest kabotasjesaker på bordet. Dei helsar velkomen om Vegvesenet får verktøy til å avgjere mindre alvorlege lovbrot.

Sylvia Myklebust

PÅTALELEIAR: – Politiet ser positivt på at kontrollstyresmaktene får eigne sanksjonsmoglegheiter og blir sett i stand til å handtere mindre alvorlege lovbrot sjølve, på ein raks og effektiv måte, seier Sylvia Myklebust.

Foto: NRK

– Det frigjer kapasitet, slik at politiet kan konsentrere ressursane om meir alvorleg kriminalitet, som meir alvorlege former for ulovleg kabotasje, seier Sylvia Myklebust, leiar felles eining for påtale.

I Øst politidistrikt seier kollega Vibeke Schøyen at det er ei utfordring når både førar og arbeidsgjevar er busette i utlandet.

– Det kan dermed bli utfordrande å få gjennomført avhøyr. I fleire av sakene blir det dermed gjennomført avhøyr etter rettsanmoding, seier ho.

Krevjande å avdekke

Kabotasjetransporten skjer etter regelverket i yrkestransportlova og yrkestransportføreskrifta. Juridisk rådgjevar i Statens vegvesen, Haakon Stubstad Henriksen, seier det er krevjande å kontrollere transportane.

– Vi opplever ofte at dokumentasjonen ikkje er god nok, men den dokumenterer samstundes noko. Det kan gjere det vanskeleg å slå fast om det framleis er internasjonal transport, eller om det er kabotasjetur nr. 1, 2 eller 3, seier han.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier det er endringar i vente.

På nyåret varsla regjeringa ein ny handlingsplan mot sosial dumping. Her meiner han fleire tiltak vil vere med å rydde opp i transportbransjen.

Endringar i emning

Jon-Ivar Nygård

ENDRINGAR: Statsråd Jon-Ivar Nygård seier det framover skjer endringar i regelverket for utanlandske transportørar.

Foto: Birger Kjølberg

Det blir også sett på å endre yrkestransportlova og forskrifta om gebyr for brot på denne. Her har Statens vegvesen levert sitt høyringsinnspel.

I forslaget til forskrift vart det lagt opp til at gebyr likevel ikkje kan gjevast, om overskridinga til dømes er særs graverande.

Nygård seier at departementet vil utarbeide ein lovproposisjon til Stortinget på bakgrunn av høyringa.

– Vi tek sikte på å fremje ein proposisjon for Stortinget første halvår 2022. I tillegg til lovendring, er det naudsynt med ei forskriftsendring, seier han.

Vidare vil eit krav om å registrere kryssing av landegrensene gjere det lettare for inspektørane å tidfeste internasjonale transportoppdrag.

– Vi jobbar også med ei forskrift om utvida lagringstid ved bruk av sensorteknologi, som vil hjelpe oss å få ei betre oversikt over bevegelsane til køyretøya, seier Henriksen.

Som eit kjøpesenter

Norske transportørar har etterlyst endringar lenge. Dei fryktar at useriøse transportselskap skor seg på å bryte reglane. Om lasta er nasjonal eller internasjonal har betydning for kva løn sjåførane får.

Mo trekkjer parallell til eit kjøpesenter, der 30 butikkar ikkje betaler husleige og utkonkurrerer dei 70 resterande.

Dei seriøse transportørane blir utkonkurrert av selskap som bryt lova og kuttar svingar for å halde kostnadane og prisane nede. Det handlar om like konkurransevilkår, anstendige arbeidsvilkår og å bevare norske arbeidsplassar, seier han.