Hopp til innhold

Nektar å betale bøter for ulovlege oppdrag – transportgigant må møte i retten

Politiet har gjeve selskapet 380.000 kroner i bot for 19 ulovlege transportoppdrag. – Vi ser fram til rettssaka, seier selskapet som nektar å betale bøtene.

Girteka, vogntog, trailer

I RETTEN: Girteka Logistics er av dei største transportselskapa i Europa. I april må dei svare for ei lang rekkje ulovlege transportoppdrag i Noreg i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Den litauiske transportgiganten Girteka Logistics må svare for ei rekkje lovbrot av dotterselskapet Girmeta.

Saka på opphaveleg elleve ulovlege transportoppdrag frå september 2019 til november 2020, er utvida med åtte nye oppdrag.

Totalt blir selskapet kravd for ei bot på 380.000 kroner for ulovlege oppdrag. I alle landsdelar.

– 19 forhold er mykje på så pass kort tid, seier politiadvokat Margrete Joleik Degvold-Jonstad i Vest politidistrikt.

Retten kan bota auke til 450.000 kroner. Girteka omsette i 2020 for nær ein milliard euro.

– Det er, med all respekt å melde, eit musepiss i havet. Girteka kjøper tre-fire nye lastebilar for dagen, og har 10-15.000 køyretøy i drift i Europa, seier administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Geir A. Mo.

– Systematisk utnytting

Dei siste forholdet selskapet må svare for, er frå desember i fjor.

For å unngå at utanlandske lastebilar køyrer utan last etter at dei har levert frakta dei hadde med til Noreg, får dei lov til å køyre inntil tre oppdrag i Noreg. Då skal førarane lønast etter norsk minsteløn.

Blir ikkje siste lasta levert innan den sjuande dagen, blir transporten å rekne for ulovleg.

Desse reglane er det fleire utanlandske aktørar som utfordrar, noko som frustrerer norske transportørar.

Tal frå politiet viser at Statens vegvesen har meld 262 såkalla kabotasjesaker dei siste fem åra.

Melde saker for ulvoleg kabotasje

Politidistrikt

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Totalt

Totalsum

14

20

32

61

65

53

51

296

Øst

5

2

10

20

13

21

25

96

Innlandet

1

3

1

3

13

6

11

38

Sør-Øst

1

1

2

Agder

2

2

4

Sør-Vest

1

3

2

1

7

Vest

4

3

9

10

8

17

4

55

Møre og Romsdal

2

3

1

1

1

8

Trøndelag

2

8

6

15

21

2

4

58

Nordland

1

1

4

2

8

Troms

1

5

4

1

1

12

Finnmark

1

2

1

1

2

1

8

Ekspander/minimer faktaboks

Girteka har ikkje godteke førelegga dei har fått etter inspeksjonane.

– Oppdraga var internasjonale leveransar, og ikkje leveransar innanlands, skriv Simonas Bartkus, direktør for marknadsføring og kommunikasjon i Girteka, i ein e-post til NRK.

Geir A. Mo, Administrerende direktør Norges Lastebileier-Forbund

ISFJELL: – Denne saka er toppen av eit isfjell. Eg har inntrykk av at dess meir ein kontrollerer, jo meir finner ein, seier administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Geir A. Mo.

Foto: Astri Husø / NRK

Ifølgje tiltalen er i alle fall ein av turane eit fjerde oppdrag, etter den lovlege internasjonale lasta. Andre punkt går på manglande gyldig dokumentasjon for internasjonal og nasjonal last.

Ifølgje fagbladet lastebil.no er ikkje Girteka ukjende for Statens vegvesen. Manglande dokumentasjon på internasjonal last er det vanlegaste regelbrotet.

Mo meiner sakene vitnar om ei systematisk utnytting av norsk regelverk. Eit problem er at det er lov å rette på fraktbrev undervegs, og på den måten sleppe å måtte betale førarane norsk minsteløn for oppdrag.

Dermed kan selskapet tilby transporten for lågare pris, kontra til dømes norske.

– Vi ser mangel på skikkeleg dokumentasjon, det er handskrivne fraktbrev og det er avslørt at nasjonale turar lett blir gjort om til internasjonale turar og slik slikk sett har lagt grunnlag for å køyre kabotasje. Vi trur det føregår mykje systematisk kabotasjekøyring, og mykje ulovleg køyring.

Ser fram til rettssaka

Vegdirektoratet har vore i dialog med selskapet om kva dokumentasjonskrav som gjeld. NRK har sett korrespondansen frå i fjor.

Då mangla det underskrift frå hentepunktet på fraktdokumenta som ein bil hadde med seg.

– Vi ser fram til rettssaka, slik at den kan klargjere alle lover og regler slik at vi kan halde fram å operere i landet utan å bryte forskrifter, skriv Bartkus.

Girmeta har ein stor flåte med køyretøy, og opererer over heile landet.

Sjølv om selskapet fokuserer på internasjonale transportoppdrag, skriv Bartkus at dei i nokre tilfelle plukkar opp kabotasjeturar når lov- og regelverk opnar for det.

Han skriv at det reduserer vogntog på vegane, betrar trafikktryggleiken, og reduserer CO₂-utsleppa.

– Geografien i Noreg er unik, og kan resultere i fleire leveransar frå nord til sør. Vi tek kabotasjeoppdrag for å unngå «tomme kilometer», skriv han og presiserer at oppdraga er sjeldne og at eit fåtal av desse igjen vert rekna som ulovlege av «lokale styresmakter».

Avviste bevis

Etter det NRK kjenner til har selskapet tidlegare fått påtaleunnlating for kabotasje. Bartkus vedgår at dei også har fått bøter.

Oppdraga dei må svare for i retten meiner han ikkje er rettferdig vurdert etter norsk lov.

– Styresmaktene avviste nokre av bevisa våre. Ved å konkludere med manglar i dokumentasjonen vår, vart internasjonal transport rekna som kabotasjetur, skriv Bartkus. Han legg til at dei har ein klar intensjon om å møte i rettssaka.

– Vi trur det vil hjelpe både selskap og vegstyresmaktene å kome i dialog og semje om kva som er rett dokumentasjon for kabotasjeoppdrag, skriv han.

Mo i Lastebileier-Forbund meiner at dokumentasjonskrava er tydelege.

– Transportørane skal dokumentere internasjonal last inn i landet, at den er lossa, og kva turar som er gjort dei neste sju dagane. Det er ikkje vanskeleg om ein har alt rett.