Hopp til innhold

Pussar ikkje tennene i barnehagen

Barn får hol i tennene fordi dei ikkje pussar tennene etter at dei har ete frukost i barnehagen viser forsking.

Tannpuss i barnehagen

SJELDAN: Berre fire prosent av barnehagane i landet vel å pusse tennene til barna.

Foto: NRK

Ei nasjonal gransking viser at berre fire prosent av barnehagane har rutinar for å pussa tennene.

Anne Rønneberg er ein av landets fremste ekspertar på barnetannpleie. Ho likar ikkje at barnehagane droppar tannpussen.

– Vi bør pusse tennene to gongar, med tannkrem og fluor. Det er viktig.

Ho syner til at det er større risiko for å få hol i tennene dersom ein berre pussar ein gong.

– Vi har undersøkingar som viser at pussar ein to gongar har ein langt mindre sjanse for å få hol. Og det er det vi anbefalar.

Foreldra sitt ansvar

KS er interesseorganisasjonen til kommunane som driv dei fleste barnehagane i landet. Dei meiner at tannpussen e r foreldra sitt ansvar, seier fagleiar i KS, Bjarne Haslund.

– Vi er opptekne av tannhelse i barnehagane. På den måten at vi er opptekne av at dei skal ete mindre sukker og ete sunt. Men tannpuss er fyrst og fremst foreldra sitt ansvar meiner han.

Bør følgje rådet

Private Barnehagers Landsforbund meiner derimot at rådet frå ekperten er fornuftig og oppmodar sine medlemmar om pusse tennene til ungane.

Administrerende direktør Arild M. Olsen meiner tannhelse er viktig og ein alminneleg del av helsearbeidet.

– Så det synest eg høyrest ut som eit godt råd, seier han.

Vel vekk tannpuss

I Kyrkjevegen barnehage i Førde pussar dei ikkje tennene. Styrar Tone Listau har valt å bruka kreftene på andre ting.

– Vi har 28 ungar her. Då må vi halde styr på 28 tannkostar og 28 tannkremtuber. Vi vel å bruke kreftene på andre ting.