Hopp til innhold

Ber tannlegar varsle barnevernet

Barneombod Reidar Hjermann meiner det bør vere rutine å melde frå til barnevernet når små barn har tannrote.

Reidar Hjermann

- Tannlegar må bli flinkare til å melde frå til barnevernet ved mistanke om at dårleg tannhelse hjå barn skuldast omsorgssvikt, meiner barneombod Reidar Hjermann.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at kvar 20. femåring har meir enn fem hol i tennene sine.

- I mange tilfelle betyr tannråte hjå småbarn at foreldrene strevar med omsorga. Då kan dei ha god nytte av hjelp frå barnevernet, seier Hjermann til Aftenposten .

- Bør vere rutine

Tannhelsetenesta har plikt til å melde frå dersom dei har mistanke om dette. Men ei undersøking gjort av hovudstadsavisa, viser at det skjer i svært liten grad. 80 prosent av tannlegane vedgår at dei har mistanke om omsorgssvikt, men at berre ein fjerdedel av desse har varsla barnevernet.

- Det bør vere rutine å melde frå til barnevernet når små barn har tannråte, seier Hjermann.

Kan finne ut av

I gruppa med dårleg tannhelse, er barn med minoritetsbakgrunn sterkt overrepresentert.

- Det er ikkje nødvendigvis omsorgssvikt som er årsak til dette. For barn som kjem frå ein krigssituasjon så er det ikkje vanskeleg å forstå at det har vore vanskeleg å finne ein tannbørste, eller at barnet et sjokolade i staden for ingenting, legg Hjermann til.

– Men det kan også vere kulturelle grunnar, det kan ha med fattigdom og låg utdanning å gjere. Dette kan barnevernet finne ut av, seier han.