Kråkenes fyr. (Illustrasjonsfoto: NRK)
Sjølv om det er Kystverket som eig fyra, er det kulturavdelinga i fylkeskommunen som har satt i gong arbeidet.
- Me ønskjer å samarbeida med Kystverket, og har ein tett dialog med dei. Sjølvsagt er det deira ansvar, men me ønskjer å koma inn og sjå i høve til korleis lokale krefter kan drifta eller bruka fyret, forklarer rådgjevar Berit Alise Høivik.
Ho meiner det er på tide at det vert laga eit fullstendig oversyn og ein bruksplan for fyrstasjonane. Og gjera dei meir tilgjengelege for folk.
- Spesielt korleis me kan drifta nedlagde fyr vidare, presiserer Høivik.