Statsbudsjettet vert lagt fram tysdag klokka ti, men det er allereie kjent at regjeringa vil bruke 17 milliardar kroner på vegutbygging neste år.
Ikkje store summar
Ordførar i Fjaler Arve Heller håpar det er sett av oppstartsmidlar til Dalsfjordbrua i budsjettet.
- Det vil ikkje vere dei store summane sidan det er snakk om ei startløyving. Men eg håpar samferdsleminsteren følgjer opp det ho har sagt, seier Helle.
Samferdsleminister Liv Signe Navarsete har tidlegare sagt at Dalsfjordbrua har prioritet og at anleggsarbeidet skal i gang i 2009.
Optimistisk
- Ut i frå rammene som har leke ut må eg innrømme at eg er litt optimistisk sjølv om det kanskjer er greit å vere litt sunnfjording å psyke seg ned for å ikkje få den store nedturen, seier Helle.
Men han meiner statsbudsjettet ikkje er avgjerande for om Dalsfjordbrua blir realisert.
- Nasjonal Transportplan som kjem i januar er mykje viktigare. Det er siste sjanse for Dalsfjordbrua, seier Helle.