- Det var naudsynt når vi såg heilskapen i økonomien deira, seier statsråd for høgare utdanning, Tora Aasland (SV).
I finansdebatten i Stortinget i dag gjer ho kjent at det kjem ekstra pengar i det salderte budsjettet for 2008.
Ei overrasking
I haust har ho fått sektoren mot seg fordi dei ikkje fekk dekka inn auka løns- og pensjonskostnader.
Utgiftsbomba kom som ei overrasking på både utdanningsinstitusjonane og Kunnskapsdepartementet. I haust har mange av lærestadane planlagt kutt i undervisningstilbod. Aasland seier pengane som kjem no er frie midlar, men har ei klar oppfordring:
- Det er viktig at ein brukar dette til å styrke undervisinga, seier Aasland.
- Viktig signal
Det likar dei to store studentorganisasjonane NSU og StL. Leiar Øistein Svelle i StL seier han trur dette er eit løft som studentane kjem til å merke som betre utdanningskvalitet i året som kjem.
Leiar Jarle Aarbakke i Universitets- og høgskulerådet er fornøgd, men ikkje ferdig med budsjettkampen.
- Dette er til hjelp og det er eit viktig signal. Det dekkar inn i underkant av halvparten av det vi tapte på løns- og pensjonsauken. Vi meiner fortsatt det må kome meir pengar i revidert budsjett i 2009, seier han til NRK.