Hopp til innhold

Victor Grodås til Sogndal

Victor Grodås (23) er klar for Sogndal Fotball.

Victor Grodås (23) klar for Sogndal

TIL SOGNDAL: Victor Grodås blir ny i spelartroppen til Sogndal kommande sesong.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Venstrebacken har vore utan kontrakt sidan sesongslutt og kjem dermed gratis frå 1. divisjonskollega Hødd som bosmanspelar. Overgangen vart presentert under ein pressekonferanse klokka 1630 i dag.

23-åringen, som er son av tidlegare landslagskeeper Frode Grodås, har signert ei kontrakt som strekkjer seg over to år.

– Eg vart invitert opp hit for nokre dagar sidan for å sjå på korleis ting går føre seg her og vart veldig imponert. Alt er lagt til lykke for at eg skal lykkast her, det var noko som freista, seier han.

Gler seg til gjenforeining med Shroot

Grodås har spelt 50 kampar for Hødd, og spelte mellom anna heile kampen då dei slo Tromsø i cupfinalen 2012. I dag vert han den andre spelaren som finn vegen til Sogndal frå Ulsteinvik på under to veker.

– Eg likar veldig bra å spele med Shroot, det funka bra i fjor og eg er sikker på at det skal funke bra i år òg. Han snakka veldig positivt om korleis det er her oppe, det hjelpte sjølvsagt, seier Grodås.

Han følte det var på tide med nytt etter fire år i Hødd. I år er ambisjonen å kjempe i toppen i Sogndal.

– No veit eg ikkje kva målsetjing klubben har, men eg tenkjer vi må vere med i toppen og helst gå opp, seier venstrebacken som beskriv seg sjølv som ein rask spelar som kan bidra framover på bana, god med ballen og med god fysikk.

Valgardsson på veg vekk?

Grodås får sterk konkurranse på venstrebackplassen, som i fjor var okkupert av Logi Valgardsson. Verken Håvard Flo eller trenar Eirik Bakke vil bidra med spekulasjonar om at islendingen er på veg vekk frå klubben. Men den som vil kan lese mellom linjene.

– På generelt grunnlag vil eg seie at vi har spelarar som er attraktive for andre klubbar og andre ligaer. Logi er linka til landslaget med Island og det er kjempebra marknadsføring. Det er berre kjekt at vi har interesse rundt spelarane våre, så får tida vise kva som skjer, seier Flo.

Han seier dei har følgt Grodås ei god stund, og at det er fleire eliteserieklubbar som har sett på 23-åringen. Både Viking, Strømsgodset og Lillestrøm skal ha vore interesserte.

Når han valde Sogndal var det fordi vegen til startellevaren verka kortare her. Heller ikkje det gjev grunnlag for spekulasjonar, meiner Flo.

– Når ein spelar kjem til ein klubb, så tek han sikte på å spele. Likevel er det ingen som har garantiar for å starte kampane, men det er klart at vi hentar Victor med mål og meining, seier Flo.

Logi Valgardsson

PÅ VEG UT?: Signeringa av Grodås opnar for spekulasjonar om at Logi Valgardsson er på veg vekk frå Fosshaugane. Verken sportsleg leiar Håvard Flo eller trenar Bakke ønskjer å bidra til spekulering rundt framtida til islendingen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har tappa konkurrenten for to spelarar

Trenar Eirik Bakke seier dei har fått ein ambisiøs og treningsvillig spelar til klubben.

– Han er ein viktig signering for oss, ein offensiv backtype som har potensial til å bli enno betre. Grodås-namnet og Sogn og Fjordane passar i tillegg godt i saman. Sjølv om han har budd mesteparten av livet på Austlandet, så har han gode genar frå Nordfjord, seier han.

Eit anna poeng er at klubben no har henta to spelarar frå konkurrenten Hødd, som førre sesong hamna på ein åttande plass i 1. divisjon.

– Eg veit ikkje om dei er så fornøgde med at vi hentar alle spelarane frå dei, men det er ein tryggleik for oss å vite at dei kjem frå ein klubb med gode verdiar, så dei kjem til å passe godt inn måten vi ønskjer å stå fram, seier Bakke.