Hopp til innhold

– Vi treng ein målscorar på laget, og han er ein typisk målscorar

SOGNDAL / FØRDE (NRK.no): Robin Shroot scora 16 mål på 23 kampar i førstedivisjon for Hødd. Det er like mange som Sogndal-spissane Mahatma Otoo og Ulrik Flo til saman i fjor. No blir dei lagkameratar.

Robin Shroot på plass på Fosshaugane

PÅ PLASS: Robin Shroot på Fosshaugane – klar for å score mål så snart snøen er borte.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi treng ein målscorar på laget, og han er ein typisk målscorar. Dessutan treng vi ein type som Robin. Han har ambisjonar og vil noko med karrieren sin. Eg trur nok han vil bli ein veldig viktig spelar for oss i året som kjem, seier Eirik Bakke.

Han presenterte måndag den første store signeringa si etter at han tok over som hovudtrenar i Sogndal: Robin Alexander Shroot (26) kjem frå Hødd og er tiltenkt ei offensiv rolle på Fosshaugane.

Scora jamt og trutt for Hødd i fjor

Shroot scora 16 mål i førstedivisjon for Hødd sist sesong. Det utgjer eit snitt på 0,70 mål per kamp. Det kjem godt med på eit Sogndal som ikkje gjorde seg berømte for mange mål i nedrykkssesongen.

– Han kan vise til imponerande tal. I tillegg er han ein fantastisk gut som vil bli betre, og han likar å stille krav og hjelpe unge spelarar vidare, seier Bakke.

– Kvifor hentar de ein spiss?

– Han kan spele i mange roller, og vi er alltid avhengige av gode spelarar. No har vi mange spissar, og det betyr at nokon må ut. Så vi får sjå på det, men konkurranse er noko alle treng, seier trenaren.

Shroot på plass i Sogndal

NØGD: Robin Shroot vart presentert som ny Sogndal-spiss på ein pressekonferanse måndag. Her saman med sportsleg leiar Håvard Flo og trenar Eirik Bakke.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Bakke møtte spissen til samtalar i England

I fjor scora Mahatma Otoo ni mål for Sogndal i eliteserien. Spisskollega Ulrik Flo scora sju. No får dei konkurranse av ein engelsk goalgettar.

Ifølgje Bakke vil han bruke Shroot på ein måte som gjer at han kjem til mange scoringssjansar. Det vil seie som kantspelar eller som spiss – rundt boksen eller inne i feltet.

– Vi har hatt han her to gongar no, og eg har møtt han i England ein gong. Så eg er ganske sikker på kva type vi får. Han vil passe godt inn, seier Bakke.

Drøymer om Champions League

Robin Shroot har signert ein toårskontrakt og spelaren sjølv gler seg til å ta fatt på den nye kvardagen. Han kom til Sogndal seint i går, i dag hadde han sin første trening med dei nye lagkameratane.

– Det enklaste hadde vore å berre halde fram i Hødd. Men eg har aldri vore ein type som er redd for nye utfordringar. Det vil eg få her i Sogndal, seier Shroot.

Han kan sjå tilbake på ein imponerande sesong, den første i norsk fotball. Men engelskmannen har sett seg enno høgare mål, både for seg sjølv og klubben, etter overgangen til Sogndal.

– Eg vil spele i Champions League. Folk vil sikkert le, men eg kan ikkje sjå at det er ein draum som ikkje kan gå i oppfylling. Viss du har trua er du allereie halvvegs, seier Shroot.