Hopp til innhold

Vestlandskommunar ber folk droppe Bergen – statsministeren meiner det er uproblematisk

Fleire og fleire kommunar ber innbyggjarane sine om å halde seg vekke frå vestlandsbyen. – Ikkje farleg å reise til Bergen dersom ein held smittevernreglane, seier Erna Solberg.

Statsminister Erna Solberg starter høstens valgkamp i Bergen med en påfølgende rundtur på Vestlandet

IKKJE PROBLEM: Statsminister Erna Solberg (H) meiner folk fint kan reise til Bergen så lenge ein held smittevernreglane. Fleire kommunar tilrår no likevel at innbyggjarane unngår Bergen framover.

Foto: Heiko Junge / N

Allereie tysdag gjekk Vaksdal og Osterøy kommunar ut og oppmoda innbyggjarane om å droppe byturen dei neste 10 dagane. I løpet av onsdag har desse kommunane gjort det same:

  • Alver
  • Askøy
  • Austevoll
  • Austrheim
  • Bjørnafjorden
  • Fedje
  • Kvinnherad
  • Modalen
  • Stord
  • Sunnfjord

Tør ikkje reise heim

– Vi bør unngå reiser til og frå Bergen som ikkje heilt er nødvendige.

Beskjeden frå kommuneoverlegen i Sunnfjord, Øystein Furnes, er klokkeklar: Han vil ikkje risikere oppblomstring av koronasmitte i den mest folkerike regionen i Sogn og Fjordane.

Karoline Wold Lund og Vilde Nesøy er sjukepleiarstudentar i Førde, og veit ikkje når dei får reise heim til Bergen.

– Vi reiser heim til jul. Det er så mykje smitte, så vi ville ikkje reist til Bergen no og risikere at vi tek med smitten tilbake, seier dei.

Sjukepleiarstudentar frå Bergen

BLIR I FØRDE: Karoline Wold Lund og Vilde Nesøy er sjukepleiarstudentar frå Bergen har ikkje planar om å reise heim med det første.

Foto: Arne Stubhaug

Bussjåfør Tore Even Øvretvedt er uroa over situasjonen.

– Eg likar det ikkje. Eg er i risikogruppa, og ein må tenke litt på seg sjølv også, seier han.

Også direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, sa til NRK i går at du no skal ha gode grunnar for å reise til Bergen.

– Det er ikkje ulovleg, men du må ta forholdsreglar, sa han.

Bjørn Guldvog

SKEPTISK: Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, seier du må ha gode grunar for å reise til Bergen no.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Tenk deg om også om du reiser frå Bergen

Furnes ber folk som har planar om å reise om å tenkje seg grundig om. Ikkje berre om du skal til Bergen.

– Kjem du hit frå Bergen, må du vere ekstra nøye med å følgje smittevernrestriksjonane. Ikkje besøk pårørande på sjukeheimar. Vi har hatt nokre situasjonar som har skapt litt ubehag, men heldigvis har det gått bra, forklarar han.

Øystein Furnes i Førde kommune

ÅTVARAR: Kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes, vil helst at folk ikkje reiser til Bergen no.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Er det aktuelt å innføre karantene på dei som kjem frå Bergen til Sogn og Fjordane, slik de gjorde i vinter?

– Nei, vi kjem ikkje til å gjere det, så lenge det ikkje kjem nasjonale føringar. Vi forventar oppblussingar, og dei kan kome overalt. Det vil verte eit lappeteppe av karantenerestriksjonar over heile landet om vi byrjar med det.

Einige med Erna

Talet på smitta i Bergen har auka kraftig siste tida, og i går presenterte byrådet dei klart strengaste smitteverntiltaka i Noreg.

I nabokommunane Øygarden og Samnanger blir det derimot ikkje aktuelt å kome med den same tilrådinga.

Tom Georg Indrevik

TILLIT: Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H), meiner innbyggjarane i kommunen skal få vurdere reiser sjølve.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

– Innbyggjarane våre vurderer dette bra sjølve. Å gå ut med ei generell anbefaling er litt underleg, seier ordførar i Øygarden Tom Georg Indrevik (H).

Han trekk fram at fleire av innbyggjarane i kommunen har eit godt og nært forhold til Bergen.

– Mange både jobbar og har familie der. Det same gjeld også motsett veg, seier han.

Det same seier Knut Harald Frøland som er ordførar i Samnanger.

– Når fleire har arbeidsplass i Bergen vil ei slik tilråding setje utilbørleg press på dei, seier han, og held fram:

– Bergensarane kjem også til Samnanger når dei skal på hytta si i Samnanger eller på Kvamskogen. Så eg veit ikkje om ei slik tilråding er det mest fornuftige vi kan gjere, seier han.

Begge ordførarane presiserer at dei oppmodar innbyggjarane sine til å ta situasjonen på alvor.