Tysdag vart det klart at Kværner har signert kontrakt med Statoil om å bygge overbygget på produksjonsskipet for Johan Castberg-feltet.
Verdien av kontrakten er om lag 3,8 milliardar kroner.
«Kontrakten vil gi omfattende positive ringvirkninger for et bredt spekter av Kværners underleverandører innen norsk industri», heiter det i pressemeldinga frå Kværner.
– Dette vil gi arbeid for 4800 personar i Noreg, seier konsernsjef Jan Arve Haugan.
- Les òg:
Tek i bruk heile kysten
Johan Castberg-feltet i Barentshavet skal utviklast med eit produksjonsskip. Kværner skal produsere modular til plattformdekket.
– Vi kjem til å bygge delar av modulane i Verdal, bruke ein underleverandør frå Aker Solutions i Egersund som også vil bruke anlegget sitt i Sandnessjøen. I tillegg vil prosjektleiinga vere delvis i Oslo og delvis på Stord.
– Betyr dette nye arbeidsplassar?
– Det vert i alle fall ei sikring av mange arbeidsplassar vi alt har. Langsiktig planlegging og tryggleik er viktig i denne bransjen i dag.
NØGD: Konsernsjef i Kværner, Jan Arve Haugan, seier milliardkontrakten med Statoil kan gi arbeid til 4800 personar.
Foto: May-Helen RolfsnesStor jubel på Stord
Sjølve skroget til Johan Castberg skal byggast i Singapore. Hausten 2020 vert det levert til Kværner sitt verft på Stord, og installasjonen av modulane startar då umiddelbart.
– Dette er fantastiske nyheiter, og ein stor dag for oss på Stord. Kværner er hjørnesteinsbedrifta vår, og når aktiviteten aukar , skapar det ny optimisme i heile lokalsamfunnet, seier ordførar Gaute Straume Epland.
Produksjonen skal etter planen testast og ferdigstillast på Stord før skipet skal slepast ut til feltet i Barentshavet første kvartal 2022.
– På det meste vil dette bety om lag 2000 arbeidsplassar på Stord. Det er formidabelt, jublar Epland.
FLAGGAR: Ved rådhuset på Stord er flagget til topps tysdag ettermiddag.
Foto: Gaute Straume EplandKværner vil også bruke 370 millionar kroner til ny kai på verftet på Stord.
«Denne investeringen vil forbedre produktiviteten for sammenstilling og ferdiggjøring av prosjekter som Johan Castberg. I tillegg vil utvidelsen gi økt konkurransekraft for fremtidige prosjekter,» skriv Kværner.
– I dag har vi heist flagget på rådhuset, og alle går rundt med eit stort smil rundt munnen, seier ordføraren.
Les òg:
Flaggheising langs heile kysten
Gleda var stor også i Haugesund då kontrakten vart kjend.
Varaordførar i Haugesund May Britt Vihovde (V) jublar over Johan Castberg-kontrakten til Kværner.
Foto: Marthe Synnøve Johannessen– Det er nesten som om vi vil heise flagget her òg, seier varaordførar i Haugesund, May Britt Vihovde (V).
Regionen er ein felles arbeids- og bustadmarknad, så er dette med på å trygge arbeidsplassane i heile området, seier ho.
Rett før nyttår fekk haugesundsverksemda Aibel ein stor kontrakt på endringane som skal gjerast på Snorre A-plattforma.
– Kontraktane syner at vi har ein industri som kan konkurrere på verdsbasis, seier Vihovde.
– Konkurransedyktig industri
Olje- og energiminister Terje Søviknes meiner kontrakten er eit viktig bidrag for å sikre Johan Castberg, som skal hente ut olje i Barentshavet.
Aker Solutions vil få oppdrag som underleverandør for Kværner. Konserntillitsvald Atle Tranøy, som har jobba ved Aker Stord sidan 1976, seier at kontrakten bidreg til ny optimisme i oljeindustrien.