Hopp til innhold

Vestlandsbønder sterkt kritiske til nytt forslag – aksjonar over heile Noreg

Bøndene i Noreg aksjonerer i dag mot forslaget om ny inntektsberekning i landbruket, og akkurat no er det markeringar framfor Stortinget.

Der deltek mellom anna Kari Sigrunn Lysne, styremedlem i Vestland bondelag.

– Dette er innmari viktig, for dette er jo den verste tida for oss uansett. Det er midt i lamminga, og midt i våronna for mange. Likevel vel dei å reise til Oslo. Dette er ikkje noko som vi tar lett på. Det kjem folk frå heile landet. I går kveld møtte eg ein frå Troms. Vi har mange frå Møre og Romsdal og frå Trøndelag. Heile landet er representert her, seier ho til NRK.

Også på Nordfjordeid var det demonstrasjon mot forslaget.

– Om dette blir vedteke, så vil vi på sikt få det verre og verre. Og om 20 år er vi tilbake der vi er i dag. Bøndene gir opp i fleire og fleire kommunar, og mange kommunar står utan landbruk. Den trenden må snuast, seier Tom Even Langø, leiar i Eid bondelag.

Tom Even Langø, leiar i Eid bondelag.
Foto: Henning Levold / NRK