Hopp til innhold

Tina (18) får likevel skuleplassen ho vil ha. Fylkestopp tar sjølvkritikk etter skulekaos

Fleire hundre elevar stod utan skuleplass to veker før oppstart. No snur fylkeskommunen og gjenopprettar fleire klassar. – Ser at dette ikkje slo heldig ut.

Tina Hatletveit, elev ved Os vidaregåande skule

FÅR PLASS: Tina Hatletveit var blant dei mange hundre som låg an til å ikkje koma inn på påbygg ved Os vidaregåande skule. Onsdag ettermiddag kom gladmeldinga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Onsdag morgon kunne NRK fortelja at fire hundre elevar i Vestland stod utan skuleplass berre to veker før skulestart.

Noko av grunnen er at politikarane i mai vedtok å legga ned fleire påbyggklassar for yrkeselevane – i eit håp om at fleire skulle gå ut i lære og ta fagbrev.

Tina Hatletveit (18) frå Fusa såg fram til å ta påbygg på Os vgs. etter to år på helsefag. Karakterane var gode og plassen «sikker» – før politikarane kutta éin av to påbyggklassar.

– Eg ønskjer ikkje å flytta heimanfrå heilt enno. Eg føler meg framleis ganske liten. Så dette er ganske vanskeleg, sa Hatletveit då NRK møtte henne på Os.

Grepet førte til svært høge karakterkrav. Mange var sjanselause på å koma inn. Andre risikerte lange reisevegar, og frykta dei måtte hoppa over eit skuleår.

Heile saka har blitt klønete, sa lærar og tillitsvald ved Os vidaregåande skule, Linda Solhaug, som bad politikarane koma på banen.

Tina Hatletveit, elev ved Os videregående skole

SLEPP INN DØRA: Etter to år på helsefag i Fusa får no Tina Hatletveit likevel gå tredjeklasse på Os vidaregåande skule.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Snur etter stor misnøye

Onsdag ettermiddag gjorde fylkeskommunen heilomvending.

Tre påbyggklassar på Os, Eid og i Åsane blir gjenoppretta. I tillegg opprettar dei to nye klassar i Sogndal (studiespesialiserande) og på Askøy (elektro og datateknologi).

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) avviser at fylkeskommunen fekk kalde føter og gav etter for presset.

– Nei, me var førebudd på at kabalen skulle falla på plass i dag. Det er normalt at mange på denne tida står utan plass, så har me forståing for at det er dramatisk for elevane som stressar over at skulestart nærmar seg, seier fylkesordføraren.

Han viser til at inntaket skjer i tre rundar kvart år, og at talet på elevar utan plass etter andreinntaket i år samsvarar med tidlegare år.

– Det er også vanleg at så mykje fell på plass så raskt, poengterer han.

Gjenopprettinga av klassane er gjort for at flest mogleg skal få plass når siste inntaksrunde er unnagjort.

Den er allereie i morgon.

– Dei som har krav på plass, vil uansett få plass, fastslår ordføraren.

Linda Solhaug

KRITISK: Lærar og tillitsvald ved Os vidaregåande skule meiner politikarane har valt heilt feil strategi for å få fleire yrkeselevar til å fullføra yrkesløpet.

Foto: Privat

Tar sjølvkritikk

Tillitsvald og lærar på Os vgs. Linda Solhaug støttar ideen om at Noreg treng fleire faglærde. Men ho er sterkt kritisk til metoden politikarane i Vestland har brukt i forsøket på å få det til.

– Det er heilt fantastisk at dei snur, men det er veldig seint. Prosessen har vore uryddig., seier Solhaug onsdag kveld.

Kvelden i forvegen var ho ikkje nådig i kritikken mot politikarane.

– Noreg treng fleire faglærte, men dette er ikkje måten å gjera det på. Det må planleggast over fleire år, ikkje ad hoc same året som elevane søker, sa læraren til NRK i går.

Normalt har påbyggklassane hatt relativt overkommelege karakterkrav.

Dette året er eit stort fleirtal av søknadstaparane nettopp dei som har søkt påbygg.

Solhaug og andre lærarar NRK har snakka med peikar på at ein tidlegare ikkje har sett så store konsekvensar for elevane av det som er politisk styring av utdanningsopptaket. Kva svarar du på det?

– Det er eit ønskje at flest mogleg fullfører det løpet dei har begynt på. At me prøver å styra meiner eg er riktig. Dette er jo det offentlege sine pengar. Men elevane har utdanningsrett og me kjem heller ikkje til å gje oss før dei har fått plass, svarar Askeland, og legg til:.

– Men eg har ikkje problem med å sjå at dette ikkje slo heldig ut, og at det trengst ei evaluering av dimensjoneringa på kuttet i påbyggklassane.

Jon Askeland

TEK LÆRDOM: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Foto: Paul André Sommerfeldt

Utvalet vedtok først å legga ned åtte påbyggklassar i Vestland, før dei modererte seg i mai og endra kuttet til fire.

– Solhaug seier strategien de valde ved å legga ned påbyggklassane er kortsiktig og ber preg av å vera ei ad hoc-løysing. Er du einig i det?

– Eg er ueinig i at det er ei ad hoc-løysing, men eg deler kritikken hennar på at me tok for mykje ned for raskt. Det tenker eg er læringa når me skal evaluera dette i ettertid. Dette er ei årleg øving, og samla sett er dette eit normalår, seier Askeland, og viser til at 85 prosent av elevane fekk innvilga førsteønsket sitt på første inntak.

Også nestleiar i opplæringsutvalet Åsmund Berthelsen (SV) vil ta lærdom av saka.

– Det er dumt at ein ikkje trefte betre på påbygg. Ein såg vel at det kunne skje, men har hatt som politikk å prøva å redusera tilbodet. Me ser at elevane ønskjer det framleis.