Henriette Fløysand Kvalheim og Mathilde Eksund Olsen frå Måløy hadde sett fram til å starte sitt tredje skuleår denne hausten.
18-åringane har gode karakterar, og hadde rekna med å koma inn på påbygg-studiet ved Eid vidaregåande skule. Dei vart først intervjua av Fjordenes Tidende.
Etter to år på helsefag ville dei skaffa seg generell studiekompetanse. Det må dei ha for å ta høgare utdanning.
Den einaste inngangsnøkkelen for norske yrkeselevar er å ta påbygg på tredje eller fjerde året på vidaregåande.
Men så enkelt var det ikkje. Då fire påbygg-klassar forsvann i fylket, skaut karakterkravet i vêret.
– Det er sjukt skuffande at vi ikkje får tilbod om skuleplass i nærområdet, seier 18-åringane i Måløy. Dei er ikkje åleine.
Totalt står 399 søkjarar i Vestland utan noko tilbod, to veker før skulestart. Sjølv om fylkeskommunen har plikt til å gje alle eit tilbod i vidaregåande skule.
FORTVILAR: Etter andre opptaksrunde står 130 ungdommar som har søkt påbygg heilt utan tilbod om skuleplass for vg3. 52 ungdommar i Vestland står utan plass på vg4.
Foto: Bård Siem / NRKVurderer å sette utdanninga på vent
182 av desse elevane utan skuletilbod har søkt påbygg vg3. Bakgrunnen er at fylkespolitikarane i Vestland i november i fjor vedtok å fjerne åtte påbygg-klassar. Grunngjevinga var å vri fleire elevar over til å søke lære i staden for påbygg, og at mange elevar slit med å fullføre det teoretisk krevjande skuleåret.
Ved å fjerne påbygg-klassar ønska politikarane å få fleire elevar til å ta fagbrev på tredjeåret. Mangelen på handverkarar gjer dette til eit politisk mål.
I april modererte politikarane seg, og vedtok å heller legge ned berre fire påbygg-klassar: ved skulane Os, Slåtthaug, Kvinnherad og Hafstad.
– Vi må setje utdanninga på vent dersom vi ikkje kjem inn. Det er ikkje sikkert vi kjem inn neste år heller, seier Kvalheim.
– FÅ OPP DAMPEN: Lærar Linda Solhaug seier elevar plutseleg har fått framtidsplanane reve bort, og meiner politikarane kjapt må løyse situasjonen. – Alle elevane som søkte i mars, trudde det var nok plassar til dei. Heile saka har blitt klønete.
Foto: Privat– Plutseleg skyhøgt karakterkrav
Lærar Linda Solhaug ved Os vidaregåande skule i Bjørnafjorden kommune er kritisk til at politikarane i Vestland har kutta i eit tilbod mange elevar ønsker.
– Mange elevar har planlagt sidan 10. klasse å ta yrkesfag med påbygg. Då blir det veldig vanskeleg for dei når planen for tredje året plutseleg forsvinn under føtene deira.
Skulen hennar har mista den eine av to påbygg-klassar.
– Dermed har karaktersnittet denne hausten blitt skyhøgt for å komme inn. Mange med gode karakterar står no og ventar.
Ho støttar politikarane sitt ønske om at fleire unge skal gå i lære, men meiner dei har byrja i feil ende.
– Noreg treng fleire faglærte, men dette er ikkje måten å gjere det på. Det må planleggast over fleire år, ikkje ad hoc same året som elevane søker.
– Det vart varsla kutt i påbygg-klassar allereie i fjor haust?
– Men så fekk vi seinare signal på at det likevel ikkje ville bli kutt, hevdar Solhaug.
UTVALSLEIAR: Karianne Torvanger (Ap) vedgår at fylkeskommunen kunne kommunisert betre. – Vi signaliserte kutta allereie i fjor, men innser at kommunikasjonen ut ikkje har vore god nok.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK– For tøft for mange
Situasjonen har oppstått fordi det politiske fleirtalet meiner det er for mange som ikkje greier å gjennomføre det teoritunge påbygg-året.
Elevane må «ta igjen» mykje teori etter to år med yrkesfag.
– Påbygg er eit tøft skuleår som mange elevar dessverre ikkje klarer. Då står ein igjen utan fagbrev eller studiekompetanse. Derfor ønsker vi politisk å redusere talet på påbygg-klassar for å sikre at dei som får plass klarer å gjennomføre, seier Karianne Torvanger (Ap), leiar i opplæringsutvalet i Vestland fylkeskommune.
No skal opplæringsutvalet møtast 10. august. Der vil dei truleg be fylkesutvalet om ekstra pengar for å opprette klassar som vart fjerna i mai.
PLAN: Planen for Henriette og Matilde var å ta påbygg på Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid. Det er berre nokre mil unna, så dei kunne budd heime. Men dei kjem ikkje inn, og ventelista er lang. – Eg er usikker på om eg ønskjer å flytte langt vekk for å gå på skule, seier Henriette.
Foto: Bård Siem / NRKOm pengane og klassane kan komme på plass før skulestart 16. august er eit ope spørsmål.
– Vi skal gjere det vi kan for å sikre at alle skal få eit tilbod, men det er korte tidsfristar, vedgår Torvanger.
– Har de feilvurdert situasjonen, og driv de no politisk brannsløkking?
– Det er alltid ei utfordring å treffe hundre prosent med tilgjengelege skuleplassar og kva elevane søker seg til. Det er ikkje uvanleg, seier ho.
– Har de skapt unødvendig uro og uvisse dersom de no endar opp med å ikkje kutte likevel?
– Nei, eg tykkjer ikkje det, for målet på sikt er framleis å redusere kapasiteten på påbygg.