Hopp til innhold

Fylket sløkker gatelys for å spara på straumen: Risikoen for dødsulukker aukar

Risikoen før dødsulukker minkar med 49 prosent under gatelys, samanlikna med i mørket. Likevel vel fylket å ta risikoen – for å spara rundt 750 kroner dagen.

Veg på Bømlo

MØRK TID: Denne strekninga er ei av dei som snart skal sløkkast fem timar på natta.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Det er mørkt og regntungt på Bømlo i november. Og framover skal det bli endå mørkare.

Vestland fylkeskommune skal sløkka veglys fleire stader i øykommunen i fem timar på natta. På kvardagar frå 23.30 til 04.30 og i helgene frå midnatt til 05.

Innsparinga blir 750 kroner dagleg, med straumpris på 1 krone per kilowatt-time. Med dobla pris, kan fylket spara 1500 kroner dagen.

– Då blir det ein vesentleg sum på sikt, seier Adrian Kasin, som er avdelingsingeniør elektro i Vestland fylkeskommune.

Målet er også å redusera lysforureining. I første omgang er strekningar med lite trafikk valde ut.

– Noko redusert trafikktryggleik vil me nok oppleva, men me meiner han er akseptabel. I det store og heile trur me risikoen vil vera liten, fordi det er svært lite trafikk og mjuke trafikantar her på nettene.

Spissøybrua

FORSLAG OM SLØKTE BRUER: Fylket ville vurdera å skru av lysa på Spissøybrua (biletet) og Bømlabrua, som er ein del av Trekantsambandet på E39, men her skal gamle lampar erstattast av ledlys med dimming tidleg neste år.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fryktar ungdomar ikkje kjem seg trygt heim

Folk NRK møter på, er skeptiske.

– Natt til laurdag og søndag kan det vera folk ute som kanskje har drukke litt mykje alkohol. Det kan bli skummelt å møta på dei viss dei ikkje har på seg refleks og er synlege, seier drosjesjåfør Pål Fjellanger.

Pål Fjellanger

DROSJESJÅFØREN: Pål Fjellanger fryktar at det kan bli utrygt med sløkte veglys i helgene.

Foto: Eli Bjelland / NRK

På vegen til Moster joggar Torbjørn Hammersland forbi. Han jobbar som lærar på vidaregåande, og er einig i at mørke vegar er eit problem i helgene.

– I helgene er det trafikk både frå bedehuset og foreldre som skal henta ungdomar ute. Mange unge er også ute og køyrer bil på nettene i helgene.

Les også 80-sone: Plutselig dukker fotgjengeren opp fra mørket

I planen skal fylket også vurdera om dei kan sløkka lys i sentrumsnære område og andre kommunar i Sunnhordland.

Torbjørn Hammersland

JOGGETUR: I helgene kan det vera ein del folk på vegen også på natta, ifølgje Torbjørn Hammersland.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kostar fylket over 60 millionar i år

Straumkostnadene til veglys i Vestland har auka frå 35 millionar kroner i fjor til over 60 millionar i år.

Fleire fylke slit med skyhøge rekningar.

  • Agder fylke reknar med å bruka 23,6 mill. kroner på straum langs vegane i år. Det er 9 mill. meir enn opphavleg budsjett. Dei vil greia ut sløkking av enkelte strekningar, men seier det krev involvering av fleire fagmiljø og truleg noko politisk behandling. Grunnen er at konsekvensane kan bli negative for dei som bruker strekningane.
  • Rogaland har ikkje vurdert å sløkka veglys, fordi dei ikkje veit korleis det påverkar trafikktryggleiken. Dei har allereie dimming på nyare veglysanlegg, og straumforbruket på desse er halvert. Utgiftene i fjor var totalt 30 mill. I år blir dei over 40 mill.
  • I Oslo har dei førebels berre redusert bruk av vinterlys i trea, men vurderer fleire tiltak for å spara energi. Frå januar til september i år var straumrekninga 26,6 mill. For heile 2021 betalte dei 23 mill.
  • Innlandet har brukt over dobbelt så mykje pengar på veglys i år samanlikna med i fjor. Dei sløkkjer ikkje lys sjølv, men seier kommunar som driftar lys langs fylkesvegane, har teke grep. Dette gjeld blant anna Hamar kommune, som skrur av lyset nokre timar kvar natt, ifølgje fylket.
  • I Vestfold og Telemark har dei kutta straumforbruket med 9 prosent ved å installera fleire ledlys, som kan dimmast. Utgiftene i år blir likevel over 7 mill. høgare enn i fjor på grunn av høg straumpris.
Gassasundet

TRAFIKKNUTEPUNKT: Lysa i Gassasundet på Bømlo var ein del av planen, men her blir lysa likevel ikkje sløkte på natta. Det skjer etter innspel frå kommunen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Må ha politisk diskusjon

Forsking viser at veglys i gjennomsnitt reduserer talet på personskadeulukker i mørke med 21 prosent, og talet på ulukker med drepne og hardt skadde med 49 prosent, ifølgje Transportøkonomisk Institutt (TØI).

– Det blir ei avveging av straumsparing opp mot trafikktryggleik, og om fotgjengarar og syklistar framleis vil tørra å gå ute, seier Alena Høye, som er forskar på trafikktryggleik ved TØI.

– Spørsmålet er kor stor risiko du er villig til å utsetja innbyggarane for for å spara pengar.

Det seier Sigbjørn Framnes (Frp), som er kommune- og fylkespolitikar, og medlem av hovudutval for samferdsle i Vestland fylke.

Han meiner planen om å sløkka veglys må behandlast politisk, og er lovd ei orientering på neste møte i utvalet, 16. november.

– Ved å auka risikoen for ulukker, må det vera ein vesentleg pott med pengar ein sparer.

Sigbjørn Framnes

OVERRASKA: Sigbjørn Framnes (Frp) meiner fylkespolitikarane må behandla tiltaket før lys blir skrudde av.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Har fått fleire uromeldingar

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter på Bømlo fekk først kjennskap om planen gjennom media. Han trur likevel nattsløkking er ein god ide.

– Me er positive til å delta i eit slikt prosjekt, som både har eit miljøperspektiv og eit kostnadsperspektiv. Me tenkjer at dei pengane som fylkeskommunen sparer her, kan brukast til andre trafikksikringsføremål.

Vestland skal dei neste ti åra bytta ut gamle veglys med ledlys som kan dimmast, og nattesløkkinga blir avslutta når dei er på plass.

Både fylket og Bømlo kommune seier dei skal følgja nøye med på konsekvensane av mørke vegar, og dei har allereie fått fleire uromeldingar.

– Me har fått forsikringar om at dei kan avslutta tiltaket viss det aukar risikoen, seier Gjøsæter.

– Korleis måler ein auka risiko?

– Me skal ha eigne folk ute, og vil også ha ein dialog med innbyggarane som går, syklar og køyrer i desse områda. Desse innspela skal me formidla vidare. Utover det er det vanskeleg å måla risiko.

Røyksund på Bømlo

RØYKSUND: På denne strekninga skal veglysa sløkkast fem timar kvar natt.

Foto: Eli Bjelland / NRK