Hopp til innhold

Vestland fylke manglar fleire hundre millionar

Dårleg økonomistyring, for lite pengar frå staten og for mange ambisiøse prosjekt får skulda når det nye Vestland fylke no må forsøkje å ta seg ut av eit økonomisk uføre.

Jon Askeland (Sp)

DRAMATISK: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) vedgår at den økonomiske situasjonen for Vestland fylke er svært dramatisk akkurat no.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vestland fylke er i ein svært krevjande økonomisk situasjon, seier fylkesordførar i Vestland fylke Jon Askeland (Sp).

I dag opnar Vestland fylke sitt digitale fylkesting.

Det skjer mot eit dystert bakteppe.

Oversikta til fylkesrådmannen syner at fylkespolitikarane ligg an til å måtte kutte rundt 500 millionar kroner på drifta si dei neste fire åra, og budsjettet for 2020 syner førebels eit minus på 700 millionar kroner dersom regjeringa ikkje kjem med meir kompensasjon for koronakrisa.

Kommunaldepartementet varsla denne veka at det nye storfylket i vest står i fare for å hamne på ROBEK.

I praksis tyder det at økonomien er så dårleg at staten tek over den økonomiske styringa.

Det er ikkje ein situasjon som fylkesordføraren har lyst til å hamne i.

– Vi må ta ned aktiviteten vår. Vi må kutte i dei pengane vi brukar kvar dag, men det kan og bli aktuelt å utsetje fleire store investeringar i tida framover, seier Askeland

Han trur det sistnemnde er særleg uheldig i ei tid der koronakrisa kan gjere det ønskjeleg å få fortgang i samferdsleprosjekt for å få hjula i økonomien i gang att.

Frp, FNB og Raudt stemte mot byvekstavtalen for bergensregionen i Vestland fylkesting

STORE INNSPARINGAR: politikarane i Vestland fylkesting må gjere store innsparingar i tida framover.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Frå rikt til fattig fylke

Vestland fylke består av dei gamle fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Sistnemnde var før samanslåinga eit av dei rikaste fylka i landet, mellom anna grunna store inntekter frå kraftindustrien.

Fylkestingsrepresentant og leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Sigurd Reksnes seier at det er surt for innbyggjarar og politikarar i det gamle fylket at situasjonen no er snudd på hovudet.

– Vi var eit av dei rikaste fylka i landet, og no er vi plutseleg nærast konkurs. Det syner kor feilslått regjeringa sin regionreform er, seier Reksnes.

Han skuldar regjeringa for å ikkje løyve nok pengar til dei nye storfylka, og at regjeringa ikkje følgjer opp regionreforma dei har sett i gang.

– Det kviler særleg eit ansvar på partia Venstre og KrF, som fekk forhandla fram denne samanslåinga av fylke i regjering. Eg håpar dei kjenner på eit ansvar for å sikre økonomien til Vestland, slik at vi kan trygge tilbodet til innbyggjarane våre.

Sigurd Reksnes

NÆR KONKURS: Sigurd Reksnes, leiar i Sogn og Fjordane Senterparti, skildrar Vestland fylke som nær konkurs.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Meiner Sogn og Fjordane brukte mykje pengar

Fylkesordførar Askeland meiner derimot at også gamle Sogn og Fjordane har eit ansvar for at den økonomiske situasjonen har vorte slik han no er.

– Det er riktig at det var veldig stor skiland mellom dei to tidlegare fylka, men den skilnaden vart mykje mindre i tida rett før samanslåinga, seier Askeland.

Du tenkjer på at Sogn og Fjordane brukte mykje pengar på tampen av si levetid som eige fylke?

– Ja, det er korrekt.

Og også gruppeleiar for KrF i Vestland fylkesting Trude Brosvik meiner at det blir for enkelt å rosemåle situasjonen i tidlegare Sogn og Fjordane.

– Vi hadde mykje pengar på bok i Sogn og Fjordane, men også vi sleit med å få kostnadane på drifta vår ned på eit nivå som vi hadde råd til, seier Brosvik.

Ho forventar at regjeringa kjem på bana med meir pengar for å redde fylket ut av det økonomiske uføret.

– Det er ingen som er tent med at vi må kutte kraftig i tilbodet vårt, eller at vi må leggje ned vidaregåande skular, slik at vi plutseleg får mange hybelbuarar. Eg forventar og håpar at vi klarer å kome oss ut av dette utan å måtte kutte i det tilbodet som er viktig for folk.