Hopp til innhold

Søviknes fryktar baksmell: – Dei skuvar rekninga framfor seg

Vestland fylke brukar sparepengar på å droppe store skulekutt og gjennomføre fleire veg- og rassikringsprosjekt neste år. – Utsettinga av kutta kan føre til baksmell seinare, meiner Terje Søviknes frå Frp.

Terje Søviknes

FRYKTAR BAKSMELL: Pengebruken kan gi ein baksmell for budsjettet for 2022, meiner Søviknes.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

– Fleirtalspartia i Vestland fylkeskommune skuvar rekninga framfor seg. Vi synest det er svak økonomistyring, seier Terje Søviknes, fylkespolitikar og 2. nestleiar i Framstegspartiet.

Vidaregåande skular, tannhelse, vegar og bussar. Alt dette har fylkeskommunen ansvaret for. Men økonomien til fylket er blitt strammare etter at Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman til Vestland fylke 1. januar.

100 millionar bør derfor kuttast årleg frå 2020-2024. Det er anbefalinga frå fylkesrådmannen.

Politikarane i finansutvalet til fylket har derimot no gått inn for å kutte under halvparten av denne summen i budsjettet for 2021.

Frp fryktar dårlegare skuletilbod

Det er samarbeidspartia Ap, Sp, MDG, KrF, og SV som har blitt samde om at dei netto kutta i driftsbudsjettet skal vere på rundt 45 millionar kroner.

Det kan gi ein baksmell for budsjettet for 2022, meiner Søviknes, som er i mindretal i fylkestinget.

– Vi fryktar det skal føre til eit dårlegare studietilbod, spesielt ute på distriktsskulane i Vestland, seier Frp-politikaren.

Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar og leiar i finansutvalet. Han forsvarar pengebruken.

– Vi ønsker i dette kriseåret å skjerme tenestene våre meir enn det rådmannen la opp til, seier han.

Jon Askeland

FORSVARAR PENGEBRUKEN: Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland.

Foto: Paul André Sommerfeldt

Avhengig av Frp på Stortinget

Sparepengane tek han frå skulebruksfondet, havbruksfondet og utbyte frå Sogn og Fjordane Energi.

Vidare sparar fylket pengar pensjonsreforma, men det er førebels uvisst om summen står seg dei neste åra.

– Du kan seie at det er midlar som ikkje er varige, men er det nokon gong vi skal skjerma særleg våre unge, er det dette året her, seier Askeland.

I tillegg legg samarbeidspartia til grunn at dei skal få ekstra kompensasjon frå staten for utgiftene til å elektrifisere ferjene.

Men då er dei avhengig av at Frp forhandlar det fram med regjeringspartia på Stortinget. Alternativet er å hente enno meir sparepengar – frå det såkalla disposisjonsfondet.

– Det er jo ironisk at Venstre og KrF set si lit til at Frp i Stortinget skal forhandle fram eit langt betre budsjett enn deira eigen regjering har lagt fram, seier Søviknes.

Krevjande kutt

Samstundes som det framleis er skulelinjer som skal bli lagt ned i Vestland, framhevar samarbeidspartia i ei pressemelding at dei sikrar ungdomskort for heile fylket, skulepsykologar, vedlikehald av fylkesveg og til tekniske- og allmenne fag på vidaregåande skule.

Men Askeland vedgår overfor NRK at dette vil gå utover sparepengane til fylket.

– Det er kutt, det er krevjande, men likevel legg vi fram eit budsjett i balanse, understrekar fylkesordføraren.

Frp vil kutte i kulturen

Han kritiserer i sin tur Frp for ikkje å ha full dekning for alt dei sjølve ønsker å bruke pengar på.

Søviknes seier han ville ha skaffa pengar ved å kutte i kultursektoren, seie opp tilsette i administrasjonen, og ikkje minst selje reklame på bussar, båtar og ferjer.

– Det har vore gjort utrekningar på dette tidlegare i Hordaland. Då var det snakk om nokre titals millionar kvart år, og det kjem godt med i fylkeskassen, seier Frp-politikaren.

Frp legg fram sitt alternative fylkesbudsjett neste veke. Søviknes lovar fleire kutt i drifta og auka inntekter.

Fylkestinget skal ta stilling til budsjettet 15. desember.