Dei siste åra har mange gamle dieselferjer langs kysten blitt byta ut med nye, elektriske ferjer for å spare miljøet.
Fylkeskommunane Vestland, Møre og Romsdal og Nordland har stått i spissen for denne omlegginga.
Dette har kosta pengar, og mellom anna ført til dyrare billettprisar for passasjerane, og eit ferjeopprør i fjor.
I fjor fekk difor ferjefylka om lag 150 millionar kroner i kompensasjon frå staten.
Men i årets forslag til statsbudsjett finst inga slik kompensasjon.
Det betyr at Vestland fylke åleine mister 55 millionar.
Likevel gjekk finansutvalet i Vestland fylke torsdag inn for å føre opp same sum i budsjettet for neste år – i håp om at pengane dukkar opp i revidert budsjett.
Endeleg vedtak i Stortinget vil kome når dei tre regjeringspartia blir samde med nokon som kan sikre dei fleirtal for å vedta statsbudsjettet.
– Utruleg at dei legg ansvaret over på Frp
For tida sit regjeringa i forhandlingar med Frp for å prøve å få dei med på eit fleirtal.
Dermed kan det bli Frp som kjem elferje-fylka til unnsetning.
Eit paradoks, meiner fylkestingsrepresentant for Frp i Vestland fylkesting, Sigbjørn Framnes.
– Venstre har på inn- og utpust prata om at regjeringa kjem til å hjelpe oss med desse kostnadane, då er det heilt utruleg at dei no legg det ansvaret over på Frp i Stortinget, seier han.
Stortingsrepresentant for Frp frå Hordaland, Helge André Njåstad, fortel at utfallet ikkje vil vere klart før tidlegast neste veke.
– Eg kan ikkje forskottere korleis desse forhandlingane endar, mend det er klart at elektrifisering av ferjer er ei sak som også Frp tykkjer er viktig, seier han.
KAN IKKJE LOVE NOKO: Stortingsrepresentant Helge André Njåstad likar elferjer, men kan ikkje love at det kjem pengar til dei.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKMindretalsregjeringa treng støtte for statsbudsjettet
Gruppeleiar for Senterpartiet i finansutvalet i Vestland Aleksander Øren Heen seier at om ikkje Frp sikrar fleirtal for elferje-kompensasjon i Stortinget, så håpar han uansett at nokon andre gjer det.
– Stortinget har tidlegare signalisert at dei vil gje kompensasjon for denne type satsing, og staten bidreg jo mykje med støtte til andre satsingar innanfor det grøne skiftet, som elektriske bilar. Så dette forventar vi rett og slett at kjem til å kome.
HÅPAR Frp TEK ANSVAR: Aleksander Øren Heen i Senterpartiet håpar Frp støttar ferjefylka med pengar i Stortinget.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKOgså i ferjefylket Nordland blir forslaget statsbudsjett motteke med uro
– Viss den kompensasjonen blir kutta frå statsbudsjettet, så vil det fort føre til at vi senkar ambisjonane for elektrifiseringa av ferjene våre, seier fylkesrådsleiar i Nordland Tomas Norvoll (Ap).
Venstre håpar på Frp
Geir Kjell Andersland er gruppeleiar for Venstre i Vestland fylkesting.
Han innrømmer at det dei ikkje er fornøgde med at moderpartiet ikkje klarte å få med ein kompensasjon for satsinga på elferjer i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.
– Vi var både overraska og skuffa over det. Vi kan nesten ikkje forstå at det går an, det vil vere heilt urimeleg om vi ikkje blir kompensert for desse investeringane i grøn energi, seier han.
SKUFFA: Geir Kjell Andersland i Vestland Venstre er skuffa over at regjeringa ikkje fekk på plass
Foto: Sølve Rydland