Hopp til innhold

Vert ikkje rettssak om arbeidstid

Helse Førde slepp å møte i retten om arbeidstida på sjukehuset i Nordfjord.

Nordfjord sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

For fredag klarte partane å bli samde.

Viktig å finne ei løysing

Korridor

Sjukepleiarane får etterbetalt det økonomiske tapet dei har hatt.

Foto: Steinar Lote / NRK
Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, i midten

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, i midten, er glad for at forhandlingane førte fram.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Nordfjord Sjukehus

Sjukepleiarane på sjukehuset i Nordfjord skal gå tilbake til arbeidstidsordninga dei hadde i september.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Helse Førde HF, Arbeidsgjevarforeininga Spekter og Norsk Sjukepleiarforbund kom fram til ei løysing i saka om arbeidstida for sjukepleiarane på operasjonsavdelinga og anestesiavdelinga ved sjukehuset i Nordfjord.

- Det har vore viktig for Helse Førde å finne ein snarleg løysing på denne saka slik at vi igjen kan fokusere på å kunne tilby eit best mogleg helsetilbod, seier administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad til helse-forde.no .

- Fint å sleppe rettsak

Også forbundsleiar Lisbeth Normann i Norsk Sjukepleiarforbund er glade for at konflikten no er løyst.

- Vi er nøgde med å sleppe å ha saka i ei rettsak, seier Normann.

Det avgjerande for NSF var at sjukepleiarane får etterbetalt det økonomiske tapet dei vart påført som følge av arbeidstidsordninga som vart pålagt av arbeidsgjevar.

Vidare forhandlingar

Resultatet av forhandlingane er at sjukepleiarane no går tilbake til den arbeidstidsordninga dei hadde før 28. september i fjor.

Frammover vil partane i saka diskutere arbeidstida for å ta vare på deil tilsette sine behov og føretaket sine interesser. Men skulle dei ikkje klare å bli samde, vil saka bli lagt fram for Spekter og Norsk Sjukepleiarforbund som då skal vurdere den.