Hopp til innhold

Hyrer detektiv mot Helse Førde

Sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus skal engasjere advokat og privat etterforskar for å få vurdert om Helse Førde ved administrerande direktør Jon Bolstad bryt lova om lik pasientbehandling.

Svein Hansen

LEIGER PRIVAT ETTERFORSKAR: Svein Hansen og sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus hyrer inn privat etterforskar og advokat for å sjekke om Helse Førde bryt lova om lik pasientbehandling.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi vil ha ei juridisk vurdering av om det er lovleg å sende ein pasient frå Stadlandet, forbi Nordfjord sjukehus og til Sentralsjukehuset i Førde, for så å leggje pasienten på vent der i fleire dagar, seier leiar Svein Hansen i sjukehusaksjonen til firda.no.

- Vil plassere ansvaret

Aksjonistane reagerer på at pasientar frå Nordfjord ikkje blir behandla på Nordfjord sjukehus, men vert sende til sentralsjukehuset i Førde.

– Sjukehusaksjonen vil gjere dette for å plassere ansvaret der det høyrer heime, for det som har skjedd når det gjeld pasientbehandling og erstatningsansvar, skriv Hansen i eit brev til adm. dir. Jon Bolstad i Helse Førde.

- På grensa til det tragiske

Ifølgje Firda hevdar sjukehusaksjonistane i brevet at styret i Helse Førde og helseføretakets administrerande direktør «har gløymt at pasientane i Nordfjord har rett på eit like godt helsetilbod som alle andre og som rettar seg etter norsk lov».

Jon Bolstad seier i ein kommentar at han oppmodar aksjonsgruppa til heller å gje pengar til Frelsesarmeen og at handlinga er på grensa til det tragiske.