Hopp til innhold

Aksjonist-Hansen: Kva er poenget?

Svein Hansen forstår ikkje kvifor Helse Førde har idèdugnad.

Arbeidsmøte på Eid i Helse Førde
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sjukehusaksjonist Svein Hansen var ikkje vanskeleg å be då Helse Førde heldt arbeidsmøte i Eid tysdag kveld.

Kva er poenget?

Svein Hansen

Undra seg over opplegget

Arbeidsmøte i Helse Førde i Eid
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Arbeidsmøte i Helse Førde i Eid
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Møtet samla 60 personar som arbeidde med idèar og tankar kring strategiarbeidet helseføretaket no er i gong med.

Mange av dei som deltok var opptekne av spørsmål kring ortopeditilbodet.

Hansen var kjapt ute og stilte spørsmålsteikn ved heile prosjektet.

- Kva er poenget? undra han seg, og heldt fram med å stille spørsmål til Helse Førde-leiinga om slike møte er det som skal til for å få helseføretaket på rett kurs, og om innspela dei frammøtte kom med i det heile vart lytta til.

Delt inn i grupper

Sjølv om Hansen kom med ustpelet valde Helse Førde å halde fram med opplegget slik dei hadde tenkt.

Dei frammøtte vart delt inn i mindre grupper og arbeidde med å kome med innspel til korleis Sogn og Fjordane skal få eit best mogleg helsetilbod.

Godt nøgd


Ei av dei som deltok var oversjukepleiar Oddrun Rye ved ortopedisk seksjon på Nordfjord sjukehus. Ho var nøgd med deltakinga, skriv helse-forde.no .

- Ja, dette var veldig bra. Eg synst det var eit godt engasjement, og det viser nok at dei tilsette er veldig opptekne av at vi skal bevare det gode tilbodet vi har ved sjukehuset, skriv Helse Førde på heimesida si.