Hopp til innhold

Ei dødsulukke måtte til for at dei skulle senke farta

Bilmiljøet på Vestlandet sørgde etter ulykka som kravde tre unge liv. Venene har endra køyrestilen, men fryktar statistikken i høgsesongen for ulykker.

Olai Kvamme-Humlestøl med vener i bilmiljøet i Sunnfjord

ENDRA HALDNING: For Olai Kvamme-Humlestøl og dei som stod dei omkomne nærast vart dødsulykka i Florø ein vekkar. Men han trur mange unge framleis tek for store sjansar bak rattet.

Foto: Steinar Lote / NRK

September 2023. Tre unge menneske døyr i ei trafikkulukke på riksveg 5 i Florø. Ulukka skakar eit heilt bilmiljø.

Etter ulukka har Olai Kvamme-Humlestøl og vennane hans slakka ned farten på vegen.

Det måtte ei dødsulukke måtte til for at det skulle skje.

– Det er jævlig fort gjort å miste nokon i trafikken, men det har gjort at vi har verte meir sårbare og støttande for kvarandre, seier han.

Trafikkulukka ved Florø fredag 15. september.

To unge menn og ei ung kvinne frå Kinn, Sunnfjord og Bergen omkom i trafikkulykka i Florø i september i fjor. Bilen dei tre sat i tok fyr etter å ha kollidert med ei møtande bil.

Foto: Firdaposten

Vintermånadane har vore fylt med sorg, men også kjærleik og sterke vennskap. Olai får aldri bestekompisen sin tilbake.

I dag, eit halvt år seinare er framleis ulukka under etterforsking. Og årsak er enno ikkje kjent.

Etter ulukka samla bilmiljøet seg for å minnast dei som omkom.

Blomar
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK
Samling etter ulukka
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK
Blomar
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK
Ungdomar sørger etter tapet av tre vener
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK
Samling etter ulukka
Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

No håpar vennegjengen at både ungdom og andre tenkjer seg om når dei er ute på vegen.

Fleire dør i trafikken i den lyse årstida

Ifølgje Trygg Trafikk er det i sommarmånadane frå juni til og med august at det er flest som vert hardt skadd eller mistar livet i trafikken.

Nesten femti prosent fleire vert skada eller døyr i gjennomsnitt i desse månadene, i forhold til resten av året.

Mål om ingen omkomne

Regjeringa har mål om at ingen skal omkomme eller verte hardt skadde i trafikken innan 2050.

- Utviklinga i dødsulukker dei siste to årene er urovekkande, og den viser at vi framleis har ein lang veg å gå for å nå målet vårt med nullvisjon. I 2024 må vi intensivere innsatsen i trafikktryggleiksarbeidet, for vi har ingen å miste, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård om tala frå 2024.

I 2023 mista 118 personar livet i trafikkulukker.

Året før var det 116 personar.

Samferdsleministeren peikar på at dei vanlegaste årsakene til trafikkulukker er, høg fart, ruspåverknad og manglande merksemd.

– Det er framleis alt for mange som døyr eller vert hardt skadde i trafikken, og vi har mykje viktig arbeid føre oss. Eit kvart liv og ulukke er tragisk og unødig.

Hjelp kvarandre opp

– Det har vore fleire tunge stunder, men eg har hatt mykje gode folk rundt meg. Bilmiljøet er einaste grunnen til at eg har det såpass bra, utan dei hadde eg ikkje hatt nokon til å hjelpe meg opp, seier Humlestøl.

Olai Kvamme-Humlestøl

Olai Kvamme-Humlestøl seier at det har vore eit halvår med nedturar og oppturar. Det er på grunn av bilmiljøet at han har det bra i dag, eit halvt år han mista bestevennen sin.

Foto: Steinar Lote / NRK

Venen Jon-Anders Øvrebø fekk sjølv lappen kort tid etter ulukka. Då var det ikkje tvil om kva for ein bil han skulle ta over.

– Det er veldig rart å køyre bilen hans, eg sat mykje på med den. Så det var merkeleg å sette seg i førarsetet, seier Øvrebø.

Jon-Anders og Olai mista kompisen sin i ulukka

Øvrebø og Kvamme-Humlestøl mista bestevennen sin i ulukka.

Foto: Steinar Lote / Steinar Lote

Og han har fått ein tydeleg beskjed frå kompis Olai- Kvamme Humlestøl

– Eg har sagt at om han krasjar denne bilen vert det bråk. Den skal det berre køyrast fint med, og om han skal seljast er det eg som skal kjøpe den, seier Humlestøl bestemt.