Sist helg trefte tragedien vestlandsungdomane. Tre unge vaksne mista livet i ei trafikkulykke.
Når ungdom minnast sine kjære.
Sist helg trefte tragedien vestlandsungdomane. Tre unge vaksne mista livet i ei trafikkulykke.
Fredag møtte eit hundretals ungdomar opp i Førde for å minnast.
– Det er veldig spesielt det som har skjedd, men fantastisk å sjå at så mange er her for kvarandre, seier Tobias Eriksen.
Ei knapp veke før kom meldinga om at tre personar var rivne vekk frå bilmiljøet.
Ein av dei omkomne høyrde til i Kinn kommune, ein i Sunnfjord og den tredje i Bergen.
Bilinteressert ungdom frå store delar av Vestland fylke køyrde i ein kortesje som strekte seg over fleire kilometer.
For å heidre dei omkomne
– Det er trist, men det fint å sjå så mange som stiller opp, seier Andrine Lundekvam
– Bilmiljøet er ein familie, sjølv om ikkje alle kjenner alle, seier Anette Skjærli.
I kveldstimane blei Førde fylt av bilar.
Kortesjen blei avslutta med eit stille minutt
Og med å legge ned blomar.
– Eg har aldri sett noko vakrare, ropte Olai Kvamme-Humlestøl til forsamlinga, i det han steig opp på eit biltak og såg utover parkeringsplassen.
– Eg føler berre sorg, fortel Henrik Aasen. Han slit med å finne orda.
Då mørket senka seg stod dei framleis der. Saman i sorga.