I dag køyrer buss- og båtrutene i Hordaland under namnet Skyss, medan namnet i Sogn og Fjordane er Kringom.
Leiar av samferdsleutvalet i Hordaland, Jon Askeland (Sp), seier han ikkje har bestemt seg, men han ser to mogelege løysingar.
– Det eine er at du må velje eitt av dei to namna, eller at ein finn ei løysing der ein vel begge namna, seier han.
Askeland utelukkar ikkje at namnet Kringom også kan vere godt likt i Bergen.
– Vel ein eitt av dei to namna, bør ein teste populariteten. Og kven veit, kanskje bergensaren likar Kringom betre enn Skyss. Det veit vi ikkje, og det ligg ikkje føre nokon saksutgreiing eller innstilling på bruk av namn no. Kanskje må det vere ei mobilisering til, eller ein konkurranse, seier han.
Begeistra for Kringom
Sjølv om han ikkje har bestemt seg, vedgår han likevel at han har ein favoritt.
– Eg må vere veldig forsiktig, men kan eg leggje det politisk korrekte til side, så er eg veldig begeistra for Kringom. Det har ein flott klang, men Skyss er eit kjapt og greitt namn. Og der er vi også ved kjernen, at dei to namna er godt innarbeidde i fylka.
Meiner Skyss er betre
På gata i Bergen har folk litt forskjellige syn på kva det nye namnet bør vere.
Anna Marie Berg seier ho ikkje var klar over at Kringom er namnet på selskapet i nordfylket.
– Men det var jo ganske fint då. Litt sånn vestlandssvung over det, så eg går for det eg. Heller det enn Skyss, for det er er inkjeseiande.
– Kva assosiasjonar får du til det namnet då?
– Rundt omkring, at ein reiser rundt omkring. Det må jo vera veldig greitt, ler ho.
Gabriella Miranda seier det ville vere litt uvant i byrjinga om namnet Skyss forsvinn.
– Men det er kanskje litt vanesak. Når ein først skal samlast, så kanskje ein skal finne eit nytt namn slik at det blir ein mellomting.
Eirik Fluge tykkjer at Skyss er eit betre namn enn Kringom.
– Og Kringom er jo litt sånn nynorsk, så det blir jo litt framand her i Bergen. Kan dei ikkje skifta til Skyss då? Eller dei kan finna på eit nytt namn. Då kan dei jo laga eit nytt busselskap som heiter Yr, ler han.
– Kringom betyr jo rundt omkring, er ikkje det litt fint til eit busselskap?
– Jau då, det passar jo. Rundt omkring, kan dei jo heite. Det gjer det litt folkeleg.
Vil unngå krangel
Leiar for hovudutvalet for samferdsle i Sogn og Fjordane, Noralv Distad (H), meiner namnet i Sogn og Fjordane stiller sterkast.
– Namnet er kanskje ikkje det viktigaste, men Sogn og Fjordane har jo eit veldig godt namn. Kringom blei årets bedriftsnamn i 2016 i konkurranse med fleire hundre andre. Det har blitt lagt merke til og det kling godt, så vi har ein sterk kandidat.
Han meiner likevel at det viktigaste er at kollektivtilbodet blir godt i den nye storfylket.
– Trur du det blir krangel om namnet?
– Nei, det er ingen grunn til å krangle om dette. Vi må krangle minst mogleg og vere opptekne av å gi gode tilbod til innbyggjarane våre.
Uvisst når arbeid med namnet startar
Fylkesdirektør Dina Lefdal i samferdsleavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune seier at dei enno ikkje har starta arbeidet med val av merkenamn på for den fylkeskommunale kollektivtrafikken i Vestland fylke.
– Det er mogeleg å køyre med to namn i ein overgangsperiode, seier Lefdal.
Ho kan førebels ikkje seie noko om når dei får tid til å starte arbeidet med namnevalet.