Statens vegvesen kjem med ei klar oppmoding til alle som skal høgt til fjells med bilen sin i Sør-Noreg i dag. Dei ber deg om å bruke vinterdekk.
– Skal du over fjellovergang, så må du vurdere å legge om til vinterdekk, seier trafikkoperatør Marianne Hove.
Ho trur snø, slaps og null grader kom brått på folk.
– Det er lurt å følge med på vêrmeldinga før du legg ut på tur. Dei fleste har nok ikkje fått på vinterdekk, seier Hove.
På Twitter skriv meteorologisk institutt at det er mogleg å få kvit nedbør på rundt 1000 meter over havet.
Også dei oppfordrar folk til å køyre forsiktig.
Vanskelege køyreforhold
På rv. 13 over Vikafjellet i Vestland er det snøslaps og null grader. Det er også fare for slaps på Sognefjellet, Valdresflya og Hardangervidda.
Mellom Aurland og Lærdal er Aurlandsfjellet stengt. Årsaka er snø og vanskelege køyreforhold.
Jan Christian Jerving er ein av bilistane som kom seg over fjellet før det blei stengt. Han kunne fortelje om eit vinterkledd landskap og slaps i vegbana.
– Vinteren er ikkje langt unna, seier Jerving.
Rådet om vinterdekk gjeld for dei høgaste fjellovergangane.