Hopp til innhold

Her får du ikkje køyre til natta

Det er venta store nedbørsmengder i løpet av det neste døgnet og fylkesveg 633 til Honningsvåg på Stad vert difor nattestengd.

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg ved Stad

RAS: Fleire store steinar rasa ned i vegen i midten av august. I natt vert vegen her nattestengd.

Foto: Geir Honningsvåg

Det har gått fleire småras i området ved Kleiva mellom Leikanger og Honningvåg på Stad dei siste månadane. I slutten av juli fekk ein postbil ein stein gjennom taket på bilen, og berre nokre veker seinare var ein annan posttilsett nære på å bli treft av fleire store steinar.

Dei som brukar vegen fryktar det kan kome til å gå liv om ikkje noko vert gjort for å sikre fjellområdet ved Kleiva. Vegvesenet har no sett i gang fjellreinsking for å gjere området tryggare.

- Det er venta mykje nedbør til natta og dei neste døgna, og ein er difor redd det skal kome til å losne stein i fjellet her, seier vaktoperatør Lene Vestrheim ved Vegtrafikksentralen til NRK.no.

Fylkesveg 633 til Honningsvåg vert difor stengd ved Kleiva frå klokka 20 laurdag kveld og vert ikkje opna att før klokka 08 søndag morgon.

Vegen vart laurdag ettermiddag stengd allereie klokka 16.45 på grunn av rasfare.

Vegvesenet kan ikkje utelukke at vegen vert nattestengd fleire netter dei komande dagane som følgje av store nedbørsmengder.

- Dette vert vurdert fortløpande, seier Vestrheim