Hopp til innhold

- Her kan det kome til å gå liv

For andre gong på kort tid rasa det måndag morgon ned steinar på vegen ut til Honningsvåg på Stadlandet. – Vi kan ikkje fortsetje å stole på flaksen.

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg ved Stad

RAS: Fleire steinar låg i vegbana ved Kleiva på fylkesveg 633 måndag morgon. Når dette biletet vart tatt hadde nokon allereie flytta på steinane for å kome seg forbi.

Foto: Geir Honningsvåg

Asbjørg Honningsvåg var tidleg måndag morgon på veg til arbeid på Åheim. Då ho kom inn til området Kleiva var vegen full av steinar som hadde rasa ned frå fjellet.

Den største steinen var på vel 50 gonger 50 centimeter og så stor og tung at det er umogleg å fjerne den med handmakt.

– Det var kome ned over ti steinar, på akkurat same plass som det skjedde for nokre veker sidan. Eg er redd det kan kome til å gå gale her, om ikkje noko vert gjort, seier Honningsvåg som køyrer på veg dagleg.

– Neste gong kan det gå skikkeleg gale

Det er berre nokre veker sidan det gjekk steinsprang på same stad på fylkesveg 633. Postbodet hadde marginane på si side då ein stein gjekk gjennom taket på postbilen.

Honningsvåg meiner folk som nyttar vegen ikkje lenger kan stole på at dei har flaks. Ho fryktar det skal gå fleire ras og at folk skal verte skada når ein bil vert treft av stein neste gong.

– Vi har nok vore stille og godteke situasjonen fram til no, og vi har heller ikkje vore flinke nok til å rapportere når det kjem stein ned i vegen. Men no må nok vi i bygda stille krav til at noko vert gjort, seier Honningsvåg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Kleiva på vegen til Honningsvåg
Foto: Geir Honningsvåg

Vegvesenet overraska

Etter raset for nokre veker sidan undersøkte Vegvesenet området med helikopter og geolog. Ein meinte då at området der steinen som trefte postbilen kom frå, var trygt.

– Vi er overraska over at det har kome ned fleire steinar her. Geologen som var i området sist sit akkurat no og studerer bileta han tok sist, seier prosjektleiar Lars Karlsen i Statens vegvesen til NRK i 10-tida måndag morgon.

Vegvesenet vurderer om dei skal reise tilbake til rasområdet og seier dei tek situasjonen på alvor.

Folk i området seier dei ikkje lenger torer å stole på flaksen og fryktar det kan skje alvorlege hendingar her. Kva tenkjer Vegvesenet om det?

– Vi registrerer steinfall på store delar av vegnettet vårt, og dette er ikkje blant dei verste plassane. Men det kan vere at situasjonen har endra seg her.

Raset som gjekk måndag morgon gjekk berre 60 meter får eit rasoverbygg og Honningsvåg meiner dette må utvidast. Karlsen seier dette ikkje er aktuelt slik situasjonen vert vurdert per i dag.

Fjellsida over Kleiva på vegen til Honningsvåg

USIKKER? For andre gong på kort tid rasa det steinar ned frå denne fjellsida.

Foto: Geir Honningsvåg