Hopp til innhold

Duka for vegkamp når kryssing av E39 i Nordfjord blir lagt fram i dag

Vegvesenet legg i dag fram sine råd om kvar E39 skal krysse Nordfjord. Det står mellom Anda og Lote, eller via Stryn.

Ei av bruløysingane over Nordfjorden

MOGELEG LØYSING: Eit av alternativa for E39 er ei bru mellom Anda - Lote.

Foto: Aas-Jakobsen

Klokka halv ti er avgjerda venta. Då vil samferdselsministeren få overlevert fagstyresmaktene sine råd om kvar E39 skal krysse Nordfjord.

Dagleg leiar i Nordfjordkryssing, Mats Andersson, kjempar for Anda-Lote og er svært spent på dagen i dag.

– Den er veldig viktig, viktig også for fylket vårt. Her har vi mogelegheita til å binde saman bu- og arbeidsmarknadar for framtida, og vi kan skape noko. Her må vi setje oss i førarsetet og ikkje la oss bli trakka på og gå for ei indre løysing, for det vil setje oss tilbake i tid.

Årelang kamp

I fleire år har selskapet Nordfjordkryssing som er eigd av kommunar og næringsliv jobba for ei løysing med bru mellom Lote og Anda for framtidas E39.

I føremiddag kjem Statens vegvesen si faglege tilråding for om dei har rett, eller om det er alternativet i Stryn mellom Svarstad og Frøhom som kan vise seg å vere både billegare og kortare.

– Eg ventar at dei har kome fram til ei fagleg tilråding som er til det beste for det området vegen skal gå gjennom, og ikkje berre for fjerntrafikken, slik at vi får ei midtre løysing som går over Lote – Anda som både er den kortaste reisevegen og som er best på sikt for bu- og arbeidsmarknadsområda den passerer.

Så langt har forkjemparane i midten fått politisk støtte av alle dei store partia då det var valkamp i haust.

Ulike signal

Men planleggarane i Statens Vegvesen har sendt signal som går i ei anna retning. Førebelse utgreiingar har peika på løysinga i Stryn med påkopling til Kvivsvegen som raskaste veg, og med ein lågare kostnad.

Ordførar i Stryn, Sven Flo, vedgår at så langt har Stryn kommune vore tilbakehaldne i kampen om å få stor bru og veldige investeringar, men frå i dag av kan situasjonen verte endra.

– Eg meiner at dersom ein skal køyre slike prosessar er det viktig å ikkje skape og legge opp til kunstige frontar. Skal vi ut i krigen på eit eller anna tidspunkt skal vi gjere det når arenaen er open for det. Og før det ligg ein rapport på bordet ser eg ikkje at det er eit stort poeng. Den energien har vi tenkt å spare til i dag og utover.

Følling for fylket

Fylkesvaraordførar og leiar i stamvegutvalet for E39, Jenny Følling, er for brua mellom Lote og Anda.

– Veg er det sterkaste verkemiddel både når det gjeld busetnad og næringsliv. Difor er det svært viktig at desse blir bygde slik at ein også kan få gode verknadar av det i resten av fylket.

Ho trur likevel Nordfjord kan få både i pose og sekk. Ho tek ho til orde for at fylket kan byggje tunnel gjennom Utvikfjellet som gir rask veg frå Stryn sørover, samstundes som staten gjennom stamvegmidlar kan bygge bru mellom Lote og Anda.

Følling meiner tunnel under Utvikfjellet er aktuelt når fylket skal rullere vegplanen for dei komande åra.

Politisk tautrekking

Statens Vegvesen sin rapport har vore strengt hemmeleg før den no skal offentleggjerast. Kjelder NRK har snakka med seier den truleg vil ha ei tilråding, samstundes som andre alternativ vil vere grundig utgreidde og bli lagt ut på høyring.

Lokalt i Nordfjord har det også vore politisk tautrekking. Nordfjordrådet ynskjer eit felles vegutval der ein skal einast om store samferdslesaker.

Men før helga vedtok Stryn formannskap at dei ikkje utan vidare skal gå inn for ei bru mellom Lote og Anda, seier Sven Flo.

– Vi veit jo ikkje kva slags element som ligg i denne rapporten, og derfor må fleire aktualitetar haldast opne.