Hopp til innhold

Nye svindelforsøk: Ber deg vitne om falske trafikkulukker

Statens vegvesen åtvarar om svindelforsøk på e-post.

Datakriminalitet

ÅTVARAR: Statens vegvesen ber alle vere merksam på svindelforsøk via e-post.

Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

«Vi kontakter deg på vegne av Statens vegvesen angående en trafikkulykke som fant sted i ditt nærområde.»

Slik startar e-posten som Statens vegvesen no åtvarar om.

Desse e-postane ber nemleg om informasjon som kan bli brukt til ID-tjuveri.

Statens vegvesen vart klar over svindelforsøka natt til onsdag denne veka, etter tips frå kundar.

Les også Per Inge ble lurt av falsk Magnus Carlsen-reklame: – Nesten så jeg så fram til de daglige samtalene

Per Inge Holmen ble utsatt for en såkalt investeringssvindel.

Ser profesjonelt ut

Gjermund Skotte i Krimenheten til Statens vegvesen seier at dei førebels har fått inn 35 meldingar frå kundar som har fått denne e-posten, men at talet truleg kjem til å auke.

Den aktuelle e-posten kallar inn folk som vitne i ei trafikkulukke som skal ha skjedd i mottakar sitt nærområde, og inviterer deretter vedkomande til å få meir informasjon ved å klikke på ei lenkje.

Les også Får du denne e-posten frå Statens vegvesen og blir beden om å betale? Då er det svindel

Svindel-epost frå Statens vegvesen.

– Der blir du beden om å oppgi informasjon som kan bli brukt til ID-tjuveri, fortel Skotten.

Han er ikkje kjend med at nokon har blitt svindla.

– Men vi har fått beskjed om at nokon har klikka på lenkja. Då seier vi alltid at dei må kontakte banken.

Les også Kristin ble svindlet og mistet grendehuset sine penger: – Du føler deg lite lur

Kristin Grebstad sit i stova si og ser på telefonen sin.

Skotte fortel at Statens vegvesen ofte opplever svindeforsøk.

– Det vi har sett mest av det siste året, har vore utsending av AutoPASS, der folk får beskjed om å betale for falske bompasseringar. I tillegg har vi dei siste månadane sett folk få feilaktig beskjed om at førarkortet er gått ut på dato.

Denne gongen var det likevel litt ekstra spesielt:

– Den her er framstår ganske sofistikert, og vi har hatt stor pågang det siste døgnet, med folk som har fått denne e-posten, seier Skotte.

Svindelforsøk, Statens vegvesen

Slik ser den aktuelle e-posten ut.

Foto: Statens vegvesen

Dette må du sjå etter

Sjølv om det tilsynelatande kan sjå profesjonelt ut, er det fleire raude flagg ein bør merke seg, fortel Skotte.

– For det første så er ikkje avsendaren vegvesenet. E-posten startar også med «Kjære borger», som er noko spesielt. I tillegg sender vi ikkje ut e-postar der vi ber om slik type informasjon.

– Dette er hovudprioritet for fleire av oss i krimavdelinga. Vi dekkjer alle Statens vegvesen sine område, og det er viktig for oss å vere tilgjengeleg og informere om kva dette er og kva folk skal gjere, seier Skotte.

Statens vegvesen opplyser at dersom du har mottatt ein slik type e-post, eller er usikker på om du har det, kan du ta kontakt med dei via krimtips@vegvesen.no, eller ringe sentralbordet på telefonnummer 22 07 30 00.

Les også Seks ting å huske når du blir svindlet

Hva gjør du når du blir svindlet?