Hopp til innhold

Får du denne e-posten frå Statens vegvesen og blir beden om å betale? Då er det svindel

Statens vegvesen åtvarar no mot ein heilt ny type svindelforsøk. – Amatørmessig og tydeleg gjort av utanlandske aktørar.

Svindel-epost frå Statens vegvesen.

NY SVINDEL: Denne e-posten har blitt sendt ut frå utanlandske svindlarar som gir seg ut for å vere Statens vegvesen.

Faksimile: Statens vegvesen

Svindelforsøket florerer i Noreg, og denne gongen let svindlarane for å vere Statens vegvesen.

I ein e-post får du beskjed om at du har ei ubetalt «trafikkforseelse», og blir oppmoda om klikke på ei lenke for å betale denne.

Dataanalytikar i Vegvesenet si krimavdeling, Gjermund Skotte, stadfester at dette er ein ny type svindel, og at det soleis er ein «amatørmessig ein».

Den står fram som forholdsvis amatørmessig, men likevel så kan alle vere uheldige og bli lurt i ein stressa kvardag, seier han.

Same e-postleverandør

Grunnen til at Skotte skildrar e-posten som amatørmessig er utforminga og teksten. E-posten startar nemleg med «Kjære Borger», og det er dessutan ikkje Statens vegvesen som sender ut bøter for trafikkoverskridingar i Noreg.

Over 50 personar har teke imot og varsla Vegvesenet om svindelforsøket sidan i går, og alle dei råka har éin fellesnemnar.

Alle har ei e-postadresse som sluttar med yahoo.com eller gmail.com. Svindlarane har tydelegvis fått tak i e-postadressene, enten dei har kjøpt ein database på lovleg vis eller ikkje. Det er ikkje noko anna fellesnemnar, seier han.

Har du klikka på lenka og oppgitt Bank-ID eller bankkortinformasjon bør du straks kontakte banken din.

Mange forsøk

Statens vegvesen har tidlegare blitt utsett for svindelforsøk i ulike format.

Mellom anna har svindlarar forsøkt å skaffe seg pengar ved å lure folk til å tru dei har uteståande AutoPASS-rekningar i falske SMS-ar.

Døme på SMS-svindel der Statens Vegvesen blir brukt.

SMS-SVINDEL: Døme på svindelforsøk der Statens vegvesen blei brukt i fjor haust.

Foto: Statens Vegvesen

Men å be om betaling for ein trafikkoverskriding er ny, ifølge Skotte.

I alle svindelforsøka blir du oppmoda til å betale noko via ei lenke. Lenkene i meldinga eller e-posten er laga for å sjå ut som den dei gir seg ut for å vere, slik som Statens vegvesen, utan at det er det.

Loggar du inn med Bank-ID eller legg inn informasjon om bankkortet ditt, kan svindlarane tømme kontoen din eller i verste fall stele Bank-IDen din.

Ver skeptisk

Nettsvindel blir stadig meir vanleg. Tal svindelsaker dobla seg frå 2020 og 2023, og Økokrim har tidlegare kalla det eit samfunnsproblem.

For i tillegg til Statens vegvesen, har fleire offentlege aktørar som Politiet, Helse Noreg og nettopp, bankar, blitt offer for svindelforsøk.

Svindlarane forfalskar telefonnummer og e-postadresser slik at nummeret som dukkar opp på skjermen faktisk ser ut som nettopp politiet eller banken din sitt nummer.

Politiet har laga ei rekke råd for korleis ein kan unngå å bli svindla. Men dersom du blir svindla, skal du kontakte politiet og banken din med ein gong.