Hopp til innhold

Desse vegane blir prioritert

I framlegget til Nasjonal Transportplan set Statens vegvesen inn mykje på drift, vedlikehald og å ta att forfallet på riksvegnettet.

Lavik ferjekai

FERJEKAI: Lavik ferjekai er mellom samferdslepunkta som skal utbetrast i perioden 2014–2017.

Foto: Stian Sjursen / NRK

Framlegget for planperioden 2014–2023 vart lagt fram i dag, og det er tydeleg at det i hovudsak er vedlikehaldsetterslepet det no skal gjerast noko med.

  • ER DU NØGD MED VEGSATSINGA? SEI DI MEINING NEDST I SAKA.

Likevel får også større europavegprosjekt pengar.

– Det er eit veldig forfall på riksvegnettet, og hovudgrepet denne gong er å prioritere drift- og vedlikehald, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

– Ei klar erkjenning

Vegvesenet føreslår å auke løyvingane til drift og vedlikehald på det norske riksvegnettet til 68 milliardar kroner for den neste perioden. Det er ein auke på 55 prosent i høve noverande periode.

Med auka trafikk og strengare krav til vegane meiner regionvegsjef Helge Eidsnes at dette er naudsynt. Han meiner også at framlegget er ei klar erkjenning av at ein må ta vare på eksisterande vegnett, før ein byggjer nytt.

– Vi må ha ei drift som gjer vegane sikre, framkommelege og tilgjengelege for brukarane. Kostnadene for å greie dette aukar, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

E39 får pengar

På landsbasis vil det koste minst 25 milliardar kroner å ruste opp vegane og å redusere forfallet. I framlegget tilrår vegvesenet å bruke 13–18 milliardar kroner perioden. Det vil då ta 15–20 år før riksvegane er på ynskt nivå.

Forfallet i Region vest er kostnadsrekna til 8,8 milliardar kroner. Av dette er kring sju milliardar knytt til tunnelar. Slinde seier det likevel ligg inne pengar til E39.

– Det er eit program som går på E39 litt avhengig av kva råmer som blir lagt til grunn i den prosessen som skal gå i Regjering og Storting. Det er det som avgjer kor mykje og kor mange prosjekt som kjem inn. I Nasjonal transportplan er det skildra ulike nivå på ulike satsinga og det vil bli avgjerande for kva prosjekt som kjem inn, seier Slinde.

Vedtakast i 2013

Planen frå transportetatane og Avinor baserer seg på løyvingane til 2012-budsjettet. I tillegg har dei vurdert korleis ein skal prioritere dersom løyvingane aukar med høvesvis 20 og 45 prosent i høve til årets budsjett.

Framlegget til NTP utgjer grunnlaget for Samferdsledepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet sitt arbeid med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan. Meldinga blir lagt fram for og vedteken av Stortinget i 2013.

Desse vegane blir prioritert i Sogn og Fjordane:

Vegprosjekt

  • E39 Birkeland – Sande (Gaular): 245 millionar kroner (2014-2017)
  • E39 Drægebø – Grytås (Gaular): 245 millionar kroner (2014-2017)
  • E39 Lavik ferjekai (Høyanger): 80 millionar kroner (2014-2017)
  • E39 Kvivsvegen: 20 millionar kroner, pluss refusjon 45 millionar, (2018-2023)
  • E39 Bjørset - Skei (Jølster): 500 millionar kroner (2018-2023). Aukar råma med 20 prosent ligg det inne med 300 millionar kroner i 2014–2017.
  • Rv 5 Loftesnesbrua (Sogndal): 210 millionar kroner (2018-2023). Dersom råma blir auka med 20 prosent ligg brua inne med ytterlegare 180 millionar kroner i 2018–2023.
  • E39 delstrekningar: Dersom råma blir auka med 20 prosent ligg delstrekningar inne med 500 millionar kroner i 2018–2023. Aukar råma med 45 prosent er råma 1 000 000 kroner i same ferjekai.

Skredsikring

  • Rv15 Strynefjellet (Stryn): 400–600 millionar kroner (2018-2023)
  • Rv13 Vik – Vangsnes (Vik): 200 millionar kroner (2018-2023)
  • E16 Hylland, Nærøydalen (Aurland): 700 millionar kroner (2018-2023)
  • Rv 5 Kjøsnesfjorden (Jølster): Dersom råma skulle auke med 20 prosent, ligg tunnel på riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden i Jølster inne med 400 millionar kroner i perioden 2018–2023. Om råma aukar med 45 prosent blir beløpet justert til 600 millionar kroner for same periode.