Hopp til innhold

Har lenge visst at gjerdet er for dårleg - men først til hausten kjem det nytt

For fjerde gong på tre år har fangar rømt frå fengselet i Vik. Fengselsleiinga har lenge sagt at gjerdet rundt er for dårleg – men framleis ventar dei på eit nytt.

Vik fengsel

STAKK AV: To fangar ved Vik fengsel stakk i morgontimane måndag av frå fengselet i Vik. Fengselsleiaren veit at gjerdet rundt er for dårleg.

Foto: Odd Inge Gjeraker

For fjerde gong på tre år har fangar rømt frå fengselet i Vik. Fengselsleiinga har lenge sagt at gjerdet rundt er for dårleg – men framleis ventar dei på eit nytt.

Ein 18 år gamal mann er seint måndag kveld framleis på frifot etter rømminga som skjedde i dag tidleg. Søket etter han vil ifølgje politiet halde fram utover kvelden, og så vil dei ta ei ny vurdering når det mørknar.

Fengselsleiar Roy Egil Stadheim vedgår at det er for lett for fangar som er innsette i Vik å stikke av.

– Det er ikkje vanskeleg å kome seg over gjerdet slik det er per i dag, seier han til NRK.no.

– Vi er veldig avhengige av overvakne folk på plass heile tida, og det glepp av og til og då kan slike ting skje.

Kan lett ta seg over gjerdet

Over gjerdet og opp i skogen. Så enkelt var det faktisk for dei to fangane som måndag morgon stakk av frå fengselet i Vik.

– Dei har rømt på den vanlege måten. Det er å forsere gjerdet vårt som ikkje er godt nok, sa fengselssjef Roy Egil Stadheim til NRK.no tidlegare i dag.

Og nettopp slik, over gjerdet i full fart, har fangar rømt før dei. Rømminga i dag er den fjerde dei siste tre åra, og allereie i fjor sommar slo fengselsleiinga alarm.

– Det gjerdet vi har per i dag er eit «avvisingsgjerde», det er ikkje eit rømmingssikkert gjerde. Det er 2,3 meter høgt med piggtråd som vender innover. Det er ikkje høgt nok og det er heller ikkje støypt fundament i botnen.

– Dessutan er maskevidda for stor så det er ikkje klatresikkert, sa assisterande fengselsleiar Egil Rune Andersen etter rømminga i byrjinga av juli i fjor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Justisminister Grete Faremo og leiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim.

PENGAR: Roy Egil Stadheim seier det først no er løyvd pengar til nytt gjerde rundt fengselet i Vik. Her er han saman med justisminister Grete Faremo.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Nytt gjerde kjem først til hausten

Men gjerdet har altså ikkje blitt forandra sidan, og i morgontimane i dag skjedde det igjen.

To fangar, ein mann på 18 år og ein mann i slutten av 20-åra klatra over gjerdet og forsvann opp i skogen like ved.

– Korleis kan slikt skje?

– Det er eit spørsmål eg har svart på ein del gonger, vi har slite med dette nokre somrar på rad.

– Vi har ein ytre tryggleik som er dårleg, og det som er så dumt med at dette skjer akkurat no er at vi i desse tider ventar på eit nytt og betre gjerde.

– Arbeidet med det startar rett etter ferien og då skal det bli mykje betre. Men det er ei mager trøyst akkurat no, seier Roy Egil Stadheim som er fengselsleiar i Vik til NRK.no.

Eit spørsmål om pengar

Spørsmålet mange då vil stille er naturleg nok kvifor ikkje dette nye og meir rømmingssikre gjerdet har kome på plass før.

– Det er vel slik som alle veit svaret på. Det er snakk om løyvingar, seier Stadheim.

– No har vi fått løyvd midlar til betre tryggleik, og gjerdet kjem i haust. Men det er ikkje tidsnok til å hindre denne rømminga, seier fengselsleiaren.

Han seier det nye gjerdet vil bety ein heilt anna tryggleik ved fengselet.

– Det er eit gjerde som er klatresikkert, og som er mykje høgare. Det har sikring i både botnen og på toppen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helikopter er sett inn i søket etter rømlingen i Vik

SØKER: Eit helikopter er blitt nytta i søket etter 18-åringen som framleis er på frifot.

Kjem seg ikkje vidare

Fengselsleiinga har i etterkant av hendinga i dag tidleg funne ut at rømminga var planlagt.

– Dei har fundert på dette ei stund. Dei hadde planlagt det nøye, og når dei gjer det på denne måten så er det vanskeleg å stogge dei, seier Stadheim.

Felles for dei fire rømmingane som har vore ved fengselet dei siste tre åra er at alle rømlingane har blitt henta inn att.

At dei kjem seg enkelt over gjerdet betyr ikkje at dei enkelt kjem seg vidare. For å kome seg frå Vik må ein anten ta seg over Vikafjellet, eller over Sognefjorden, med båt eller ferje.

– Vi og lurer på kvifor dei prøver når dei veit kor vanskeleg det er å kome seg herifrå, seier fengselsleiaren.

Held fram søket

Det har blitt leita med store mannskap i heile dag.

– Per no er det eit organisert søk som er sett i gang. Det vil vi halde fram med så lenge vi føler det er føremålstenleg, seier operasjonsleiar Per Rimmen til NRK.no i 17-tida.

I ettermiddag har det til tider styrtregna i fjellområdet der ein meiner rømlingen held seg. Stadheim trur ikkje 18-åringen kan ha kome seg langt.

– Vi reknar ikkje med at han har kome seg så veldig langt. Det er eit forferdeleg terreng i området, og grunnen til at vi set så store ressursar inn i dette er at vi er redd han kan ha skada seg, seier han.